Hopp til hovedteksten
Makrell
Utskriftsvennlig versjon

Makrellen – ein grenselaus vandrar

Makrellens nye vandringsmønster vert karakterisert som "en mer vestlig fordeling". Bak den nøkterne konstateringa ligg kimen til politiske dragkampar og omskriving av lærebøker. I praksis betyr det at makrellen ikkje oppfører seg slik forskarane har trudd eller held seg i dei sonene som politikarane har teikna opp.

Av Marie Hauge 

I eit havområde fem til seks gonger større enn Noregs flateareal snusar makrellen seg til ei kvar tid fram til det beste mattilbodet.

– Makrellen har ei unik evne til å smetta inn i nye område og utnytta situasjonen til det optimale. Hugs dette er ein varmekjær art som vi no finn nærmast i isaudn, spissformulerer Leif Nøttestad frå Havforskingsinstituttet.

Lenger vest og nord

Den raske, uthaldande og ekstremt straumlineforma makrellen langtidspendlar mellom vidstrakte gyteområde som strekkjer seg frå kysten av Portugal til vest av Irland, og vidare til sommarbeite i den nordlege delen av Norskehavet.

Om hausten trekkjer makrellen sørover for ei behageleg overvintring. Dei siste åra er makrell på sommarvandring funnen stadig lenger vest og nord i vår del av Atlanteren. Dei nye beiteområda påverkar også vegvalet når hausten kjem og makrellen igjen vender nasen sørover.

Som den strategen han er, vel makrellen den raskaste og minst energikrevjande vegen til vinterstadene. Her et ikkje makrellane noko særleg, men passar på kvarandre i store stimar for ikkje sjølv å enda opp som middagsmat for kval, delfinar og glupske rovfisk.

I den tida makrellen sym tett og kystnært føregår hovudfisket, så det er fleire enn forskarane som interesserer seg for kva rute makrellen tek.

Makrellen fornyar seg

Dyreplanktonartane raudåte, krill og amfipodar er viktig makrellføde. Dei siste 10–15 åra har dyreplanktonmengda i Norskehavet minka merkbart, og dei høgaste konsentrasjonane er no å finna i dei fruktbare frontområda, der atlantiske og arktiske vassmassar møtest.

Forskarane antar at det er dei auka temperaturane i Norskehavet som har tvunge dei kuldekjære dyreplanktona over i kjøligare farvatn. For den varmekjære makrellen er det omvendt. Temperaturauken gjer han i stand til å ta seg inn på nye jaktmarker der mange av favorittrettane alt har søkt tilhald.

Også i fødevalet har makrellen fornya seg.

– Makrellen beitar også på vaksen lodde når han har sine visittar mellom Island og Jan Mayen. Det er ikkje tidlegare observert og fortel litt om kva raske omstillingar som er mulig for denne arten. Det er nesten som lærebøkene må skrivast om, seier Nøttestad.

Dei gamle er eldst 

Enno er vitskapen på nybyrjarstadiet når det gjeld å finna ut kva som fortel makrellen kvar han finn dei beste beita. Indre kart og kompass og elektromagnetisme er sannsynlege hjelpemiddel på vegen.

– Til no har vi på eit vis teke det for gitt at makrellen er der han burde vera. Makrellen tek i bruk heile sanseapparatet, og dreg truleg også veksel på erfaringane frå eit langt liv under vandringane. Men samstundes må han kunna tilpassa seg når omgivnadene skiftar, fortel Nøttestad.

Makrellen kan bli inntil 30 år gammal. Solid livserfaring er truleg heilt avgjerande for å klara dei strabasiøse og lange vandringane.

– Så er det også bevist at det er dei største og eldste individa som sym lengst mot nord og vest i havet der tilhøva er mest gunstige, fortel Nøttestad.

Tilsvarande skjer under gytinga. Dei største og mest erfarne makrellane brukar minst energi og tid på å koma seg lengst sør, der avkommet har størst sjanse for å overleva.

Klimavinnar i havet

I eit klimaperspektiv trur Nøttestad makrellen kan vera ein av dei artane som klarar seg bra. Makrellen har eit stort geografisk spelerom og ibuande eigenskapar som gjer han særs tilpassingsdyktig.

– Meir stasjonære artar som beveger seg sakte og lever i tilknyting til korallrev eller andre faste habitat, vil truleg takla eit klimaskifte dårlegare enn makrellen, som kan flytta der det er mat, seier Nøttestad.

Han og forskarkollegane får merka at makrellen er vidfaren. Det er ei formidabel oppgåve å dekkje heile utbreiingsområdet, som strekkjer seg frå Nordvest-Afrika til Svalbard og Bjørnøya i nord og Island i vest.

Når dekningsområdet stadig vert utvida trengs det tett internasjonalt samarbeid i felten for å få samla inn nok data.

Politiske ringverknader

Det er ikkje berre forskarane som jagar etter makrellen. Også fiskeflåten følgjer stimane av makrell på deira veg til overvintringsplassane i Nordsjøen. Norske fiskarar har alt fått kjenna kva makrellens nye vandringsmønster kan føra til.

Hausten 2009 var det minimalt med makrell i norske farvatn, og den norske makrellflåten prøvde lukka i EU-sona før dei vart kasta derifrå. Dei norske fiskarane måtte sjå langt etter dei nesten 70 000 tonn fisk dei hadde att på kvoten.

Islendingane kan derimot seia seg nøgde. Makrellen sine vegval har ført han inn i deira sone. Slikt vert det politikk av. Ikkje rart kanskje når det er snakk om makrellkvotar verdt fleire milliardar kroner.

– Island kjem mest sannsynleg inn som kyststat på makrell, og dette vil føra til nye forhandlingar om kvotar og forvalting, forklarar Nøttestad.

Saka er basert på temaartikkelen "Holy mackerel - hva skjer med makrellens vandringsmønster?" frå Havforskningsrapporten 2010.

Les hele rapporten:

Havforskningsrapporten 2010