Hopp til hovedteksten
Norskehavet
Foto: Sagen
Utskriftsvennlig versjon

Pengar til målebøye og marine data

Havforskingsinstituttet er tildelt 14,5 millionar kroner frå Forskingsrådet. Storparten går til ei forskingsbøye som skal erstatta vêrskipet ”Polarfront” i Norskehavet. 1,7 millionar kroner hamnar hos Norsk Marint Datasenter.

Av Marie Hauge

Løyvinga er ein del av ein pott på 181 millioner kroner øyremerkt avansert forskingsutstyr. Tildelinga er den første i ei infrastruktursatsing som varar fram til 2017.

Strenge prioriteringar

Harald Loeng leiar forskings- og rådgjevingsprogrammet for Norskehavet. Han er glad for pengane, men fortel at det i utganspunktet var søkt om eit nesten dobbelt så stort beløp.

- No vert utfordringa å finna ei god løysing for dei 12,7 millionane vi har til rådvelde. Vi må gjera nokre strenge prioriteringar, seier Loeng.
Han fortel at bøya skal setjast ut første halvdel av 2010. Ho kjem i staden for vêrskipet ”Polarfront”, som legg til kai 1. januar same år.

Viktig i ei klimatid

”Polarfront” har sørgt for dei lengste tidseriane av vitenskapleg data frå djuphavet.  Frå 2010 vert desse seriane utarbeidd av data den nye målebøya sender ”true time” frå Norskehavet. Prosjektet vert leia av Havforskingsinsituttet, som samarbeider med UiB og Meteorologisk institutt om bøya.   

- Vi er i ei klimatid, og må halda fram overvakinga av havområdet. Frå bøya kan vi observere enkle meteorologiske parametre som vind og temperatur. Bøya måler også saltinnhald og straumtilhøve, fortel Loeng. 

Forprosjekt til nasjonalt datasenter

Norsk Marint Datasenter (NMD) har som ei av sine hovudoppgåver å samla, kvalitetssikra og lagra marine miljø- og fiskedata. Dei kan notera seg for 1,7 millionar kroner til eit eittårig forprosjekt. Prosjektet involverer 15 ulike forskingsinstitusjonar som skal kartleggja det dei har av marine data. Vidare skal det undersøkjast kva som trengs for å gjera dataene tilgjengeleg for eit breiare publikum.

- Kartlegginga skal etter planen munna ut i eit infrastrukturprosjekt i storleiksorden 30 millionar kroner. Målet er å oppretta eit marint datasenter som i større grad er nasjonalt enn det vi har i dag, sier Helge Sagen, som er faggruppeleiar på NMD.

Konsolideringsprosess

I dag forvaltar NMD ein del nasjonale data, men storparten av databasen kjem frå vitenskapleg arbeid utført på Havforskingsinstituttet.

- I første omgang er det snakk om interne oppryddingar i dei einskilde institutsjonane sine databasar. Desse pengane vil gjera det mogleg for oss å møtast og å konsolidera prosjektet, seier Helge Sagen.
Han fortel at mykje av dataen består av gamle journalar og papir. Ein stor del av den nasjonale databasen må digitaliserast frå grunnen av. 
 

Kontaktpersonar

Harald Loeng
970 75 858
Marie Hauge
975 68 384
Helge Sagen
952 15 046