Av Marie Hauge
Det kjem fram i ein rapport frå Havforskingsinstituttet. Rapporten omhandlar miljøundersøkingane som er gjorde på fisk, skaldyr og vatn etter oljeutsleppet i månadsskiftet juli-august.
Også på avstand
- Blåskjela er tydeleg forureina, seier Jarle Klungsøyr frå Havforskingsinstituttet. Han har forfatta rapporten saman med forskarkollega Stepan Boitsov.
Medan det ikkje er funne forhøgde nivå av oljeforureining i fisk-, krabbe- og vassprøvar tekne i avstand frå skipet, er nivået relativt høgt også i dei blåskjell-prøvane som er samla inn eit stykke unna havaristen.

100 tilsynelatande oljefrie blåskjel frå havariområdet vart frakta til Havforskingsinstuttet. Kjemiske undersøkingar påviste forhøgde verdiar av oljekomponentar i alle skjelprøvane.
Foto: Marie HaugeMellom 15 og 20 medarbeidarar frå Havforskingsinstituttet har delteke i dei ulike fasane av prøvetakings- og analysearbeidet.
Verst i strandsona
Klungsøyr seier at omfanget av oljesølet er relativt begrensa, og at funna frå miljøundersøkinga står i forhold til skadebiletet rett etter grunnstøytinga. Då estimerte Kystverket at om lag 300 tonn bunkersolje kunne ha leke frå havaristen.
- Som venta er det først og fremst strandsona som er råka av utsleppet, og sjøfugl som er utsette for dei mest openberre skadene, seier Klungsøyr.
