Hopp til hovedteksten
otolitt
Otolit som tas ut fra torsk i Lofoten.
Utskriftsvennlig versjon

Akustikk og øyrestein langs kysten

Ved hjelp av akustiske data og trålfangst reknar forskarane seg fram til kor mykje torsk og sei som finst langs kysten vår. Den vesle øyresteinen står sentralt i mattestykket.
 

Av Marie Hauge

I desse dagar byrjar Havforskingsinstituttet sitt årlege kysttokt på sei og kysttorsk. Forskingsfartøya ”Johan Hjort” og ”Jan Mayen” skal gå til saman 8 000 nautiske mil frå Varanger til Stad. Undervegs prøver forskarane å finna så nøyaktige mål som råd for kor mykje sei og kysttorsk som lever langs kysten og i fjordane våre.

Ok for sei, verre for kysttorsk

Toktdata vert brukte til å laga bestandsvurderingar, som i sin tur er avgjerande for kor mykje det vert tillate å fiska av dei to artane. Medan det framleis er relativt godt stelt med seien, er utsiktene ikkje like lyse for kysttorsken. Dei siste åra har forskarane rådd frå fiske på bestanden, likevel er det årleg fanga i overkant av 20 000 tonn kysttorsk.

Både ekkolodd og trål

Forskar Sigbjørn Mehl er ein av toktleiarane på ”Johan Hjort”. Han fortel at kysttoktet er eit akustisk tokt. Toktet følgjer faste kursliner der det registrerer fisk ved hjelp av ekkolodd. Utifrå ekkoloddbileta gjer forskarane vurderingar av kva type fisk som er registrert og reknar ut tettleiken av sei, torsk og hyse.

– Men for å verifisera at det faktisk er det vi trur vi ser, må vi også tråla, seier Mehl.

Tusen og ein stein

Dette er gjerne korte trålhal, for forskarane har ingen ambisjonar om å gjera storfangst. Trålen kan vera i sjøen så kort som eitt minutt før han vert halt om bord. Likevel kan fangstar på tette seistimar fort koma opp i eitt tonn. Det ligg også inne faste trålstasjonar på toktruta.

Frå trålhalet vert det teke ut 4-5 korger fisk som vert finsortert og lengdemålt. Og så vert otolitten; fisken sin øyrestein fiska ut. Mehl reknar med at dei tek ut vel 1000 øyresteinar frå kvar art undervegs på toktet. Med om bord er det teknikarar som raskt set i gang med alderslesinga av steinane som er frå 3 til 20 millimeter store.

otolitt

Otolitt fra seks år gammel skrei.

Ferdsskrivar i øyra

– Mange års trening ligg bak før ein vert ein dyktig alderslesar. Det er fint handarbeid, fortel Mehl.'

Øyresteinen vert gjerne kalla ferdsskrivaren til fisken. Alder, vekst, temperatur, vandringsmønster, kjønnsmodning, tal gyteperiodar, mangfald og forureining; alt dette kan ein læra frå analysar av øyresteinen. Alderen vert fastsett om lag som når ein les årringane på eit tre.

Systematisk prøvetaking av alder under heile toktet gjer at toktresultatet kan delast opp på dei registrerte aldersgruppene. Dermed får forskarane eit mål for talet på fisk i kvar aldersgruppe.

Torsk; annan torsk og kysttorsk

Øyresteinane vert også nytta til å klassifisera torsken. Kysttorsken held stor sett til i faste kyst- og fjordstrøk , medan artsfrenden nordaustarktisk torsk sym tilbake til Barentshavet etter endt gyting på kysten. Men særleg i første halvår står dei ulike torskebestandane samla, og kan hamna i same trål. Då skal det eit trena auge til for å skilja kysttorsken frå annan torsk, seier Mehl.

Viktig sei

Seifisket er det fjerde viktigaste fiskeriet vårt. Årleg vert det fiska sei for vel ein milliard kroner i Noreg.

Kommersiell fangst av kysttorsk har minka dei siste åra. Viktige årsaker er at rekrutteringa til bestanden har vore låg i mange år og strengare regulering av fisket. Aukande selbestandar, turistar, fritidsfiskarar og forureining frå oppdrett har truleg også hatt negativ effekt på kysttorsken dei siste åra.

Seitoktet til Havforskingsinstituttet tok til i 1985, medan det har vore tokt på kysttorsk sidan midten av 1990-talet. I 2003 vart dei to tokta slegne saman.

Bruken av toktresultata


Toktet får ikkje med seg absolutt alle områda kor sei og kysttorsk finst. I tillegg er vurderinga av ekkoloddregistreringane og omrekninga frå ekkoloddsignal til fisketettleik usikre.

– Toktresultatet har dermed systematiske feil og må difor handteras som eit relativt mål for bestanden, forklarar Mehl.

Eit slikt relativt mål kan brukast til å gje enkle råd for fisket. Meir presise råd får ein når toktresultata vert brukte saman med fangstdata i ein modell som òg tar omsyn til dødelegheit og vekst.

 

Kontaktpersoner

Marie Hauge
975 68 384
Sigbjørn Mehl
902 71 678