Hopp til hovedteksten
G.O. Sars
Utskriftsvennlig versjon

Statsbudsjettet 2010: Nødvendig satsing på marin forsking

-Eg er nøgd med Regjeringa si satsing på den forvaltingsretta marine forskinga, seier administrerande direktør Tore Nepstad. I framlegget til statsbudsjett for 2010 ligg ei styrking på Havforskingsinstituttet sitt budsjett med i overkant av 30 millionar kroner.

-Denne auken set oss i stand til å følgje opp utfordringane som ligg i havressursloven, understrekar Tore Nepstad. Han peikar spesielt på at dei ni millionane som er øyremerka styrka havressursforsking gjer instituttet rom for å halde fram satsing på økosystemforsking, dei store samanhengane i naturen.

I framlegget til statsbudsjett er det og sett av 8 millionar til Havforskingsinstituttet for å få meir kunnskap om konsekvensar av klimaendringane på fiskebestandar, økosystem og havbruk. Forsuring er løfta fram som eit viktig satsingsfelt.

Regjeringa aukar løyvinga til havbruksforsking over Fiskeri- og kystdepartementets budsjett med 12 millionar, 4 av desse millionane skal gå til Havforskingsinstituttet for å styrke instituttet si langsiktige forsking på berekraftig havbruk. Innafor denne satsinga er lakselus eit sentralt forskingsområde.
-Eg er og glad for Regjering si auka satsing på å styrke forskinga på fjord- og kystøkologi. Dette er eit signal som viser at etableringa av vår nye forskingsstasjon i Porsanger var rett satsing, understrekar Tore Nepstad.

-Framlegget til statsbudsjett gir oss rom for å vidareføre omstillingane til meir forvaltingsretta forsking ved Havforskingsinstituttet, konkluderer ein godt nøgd Nepstad. Han legg til at det er gledeleg at eit nytt isgåande fartøy også denne gongen er inne på budsjettet, no med 5,5 millionar til vidareføring av prosjektet.