Konferansen, som arranggøren hevdar er størst i værda innan sjømat, vert halde på Norges Varemesse i Lillestrøm i dag og i morgon. Nærare 500 deltagkarar frå 25 land er påmelde, mellom desse sju fiskeriministrar, har meldt sin ankomst.

Toresen peika i sitt foredrag på at varme periodar er gunstige for dei store bestandane av norsk vårgytande sild og nordaustarktisk torsk, medan fisken i Nordsjøen og lodda har det best i kalde periodar.
–For lodda sin del handlar det om at det er lite sild i Barentshavet i kalde periodar. Smålodda er mat for småsilda, difor vert det lite lodde når det er mykje sild i Barentshavet, sa han.
Situasjonen for dei fleste store pelagiske artane er god, men kolmulebestanden er i same dårlege forfatning som nordsjøsilda.
