Hopp til hovedteksten
LitenLanderTerjeAtle.jpg
 Atle Totland og Terje Torkelsen i ferd med å setja ut ein observasjonsplattform.
Foto: Olav Rune Godø
Utskriftsvennlig versjon

21 publikasjonar frå ei faggruppe

Forskarar i faggruppa Observasjonsmetodikk har til no i år 21 arbeid publisert eller akseptert for publisering i tidsskrift med fagfellevurdering. I tillegg kjem to bokkapittel og fleire arbeid som er under vurdering.

Eg er imponert og stolt! Det er og fint å sjå at 10 av artiklane er publiserte saman med fagfellar i inn- og utland. Det viser at interessa for det vi driv med rekk lenger enn over Vågen i Bergen.

Årsaka til den store produksjonen er eit vellukka Seafacts-symposium i 2008 som Havforskingsinstituttet var vertskap for. Seafacts står for Symposium on the Ecosystem Approach with Fisheries Acoustics and Complementary Technologies og er internasjonalt den største konferansen om marin akustikk.  I fjor sommar var 350 deltakarar frå 44 land samla i Bergen for å diskutera datainnsamling ved hjelp av ekkolodd og sonarar, noko som dannar eit sentralt grunnlag i arbeidet med å berekna størrelsen på fiskebestandar. 

Full aksept

Ei rekkje av arbeida som no vert publiserte, vart presenterte under denne konferansen. Det er nokså eksepsjonelt at alle arbeida ein har følgt opp i etterkant, har vorte aksepterte for publisering. Alle desse har greidd å svare opp kritiske kommentarar frå fagfellane innan tidsfristen. Eit fåtal treng meir tid og vil kome seinare som vanlege artiklar. Seafacts-arbeida lista under vert publiserte i eit eige volum av journalen til Det internasjonale råd for havforsking (ICES).

Rolf Korneliussen

Rolf Korneliussen er med på fleire av publikasjonane.

Eg vil gjerne nemne Egil Ona sin innsats som leiar for konferansen. Han gjorde ein glimrande jobb, men må sjølvsagt også dele litt ære med gode støttespelarar frå Havforskingsinstituttet.  Men den vellukka gjennomføringa av møtet har vore ein inspirasjon for gruppa til å sluttføre alle desse viktige arbeida. Ein skulle tru at Seafacts ville halde forskarane travelt opptekne heile året, men imponerande nok er det i tillegg fleire andre arbeid som er publiserte eller aksepterte alt no så tidleg i 2009, og fleire er under vurdering.

Ny teknologi og metodikk

Sett frå ein vitskapleg ståstad, vurderer eg mange av arbeida som viktige fordi dei presenterer resultat frå ny teknologi eller metodikk, enten eigenutvikla eller utvikla av samarbeidspartnarar. Dette gjeld fleire publikasjonar med utgangspunkt i den nye sonaren på ”G.O. Sars”, nye akustiske plattformer og lågfrekvent akustikk i samarbeid med MIT (Massachusetts Institute of Technology).

Å vere i fronten på teknologiutviklinga gir konkurranseføremoner som vi til no ikkje har vore flinke til å utnytte. Eg ser det som naudsynt og som vår plikt å verte flinkare til å publisere og på den måten forbetre vår posisjon i forskingsverda gjennom denne spisskompetansen. Av andre strategisk viktige fagfelt, bør nemnast arbeida knytt til effekten av lyd på fisk og kval, som kjem til å verte eit heitt tema i tida som kjem.

Vi ønskjer å markere dette med eit ope seminar i april. Kvar artikkel vil då verte presenterte med to lysark. Her vert det mange interessante snapshots. Følg med i seinare annonsering.

Liste over tidsskrift med fagfellevurdering

ETenningen.jpg

Eirik Tenningen skriv eit kapittel i boka "Computers in Fisheries Research" saman med artikkelforfattaren.

Kontaktpersoner

Kjartan Mæstad
958 08 470
Olav Rune Godø
404 37 671