Hopp til hovedteksten
sildestim
Sildestim (Illustrasjonsfoto)
Foto: Kjartan Mæstad
Utskriftsvennlig versjon

Silda si nattlege sexåtferd

Om dagen står silda spreidd over eit stort område. Like før solnedgang samlar silda seg i klynger som til slutt endar opp i stimar med millionar individ med synkronisert oppførsel. For første gong har forskarane vore i stand til å følje denne stimdanninga av sild som samlar seg for å gyte utanfor austkysten på USA.

I Gulf of Main på austkysten av USA har eit internasjonalt forskarteam kunna følgja med på kjedereaksjonane som skjer når atlantisk sild (Clupea harengus) dannar stimar. Leiar for faggruppa Observasjonsmetodikk ved Havforskingsinstituttet, Olav Rune Godø, er mellom dei som har vore med på prosjektet. Resultata frå arbeidet er publisert i siste nummeret at tidsskriftet Science

- Når ein heil sildepopulasjon kan overvakast med minutts oppløysing, kan vi avdekkje storstilte åtferdseigenskapar som vi tidlegare har visst lite om, seier Godø.

Låge frekvensar

Det som har gjort forskarane i stand til å følgje silda over avstandar på opptil 50 kilometer, er lågfrekvent akustikk utvikla i utgangspunktet for militære formål. Systemet med namnet Ocean Acoustic Waveguide Remote Sensing (OAWRS), opererer med ein frekvens på 0,4 til 1,2 kHz. Vanlege ekkolodd og sonarar sender til samanlikning sine signal i frekvensspekteret mellom 20 og 400 kHz.
OASWR brukar to fartøy, eit med svingaren (lydkjelda) og eit anna fleire titals kilometer unna som fangar opp lydsignala som vert reflekterte frå silda.

sildestim

Stimende fisk i overflaten kan finnes og kvantifiseres av en sonar med høy romlig oppløsning av typen MS70.

– Vi kan då sjå korleis populasjonen pulserar mellom store kompakte stimar og oppløyste fordelingar over dag og natt.  På få minutt går silda frå oppløyst fordeling til tette stimar. Etter at tettleiken av sild har nådd eit kritisk nivå (0,2 fisk per m2) aukar tettleiken plutseleg. Det ser ut som ei bølgje av reaksjon som går gjennom populasjonen frå eit sentrum. Vi tenkjer oss at det er eit sett av ”leiarindivid” som ”bestemmer” at no skal vi stime og denne beskjeden går som ei bølgje gjennom populasjonen i ei fart snøggare enn nokon fisk kan symje, seier Godø.

Fysisk bølgeteori

Same observasjonane vart gjort gjennom fleire døger med same resultat i skråninga nord for Georges Bank der silda samlar seg om hausten for å gyte. Tidspunkt og lystilhøve var ikkje alltid dei same, men den beskrivne dynamikken var der alltid. 

- Same type kommunikasjon på populasjonsnivå er foreslått for andre artar i sjø og på land, og den ser ut til best å kunne beskrivast av fysisk bølgjeteori, seier Godø.

Han peikar på at konvensjonelle metodar dekkjer eit fotavtrykk på nokre meter. Resultata vert difor lett påverka av geografiske og temporære variasjonar. OAWRS gir eit augneblinksbilete av heile populasjonen med oppdatering kvart 75 sekund.

Sild, Libas,2.8.06, trål (10).jpg

Sildefangst (illustrasjonsfoto)

Ny innsikt

- Dermed kan vi sjå klarare dei storstilte mønstra i åtferd. Havforskingsinstituttet har brukt akustikk som verktøy for overvaking av mengde og åtferd i kommersielle fiskebestandar heilt sidan 1930-åra då Oscar Sund observert skreifloa i Lofoten og publiserte funnet i tidsskriftet Nature. No viser det seg igjen at akustikken har unike eigenskapar for å kartlegge åtferd og mengde hjå marine organismar. Å skjøne samanhangar på økosystemnivå er ein av instituttet sine hovudambisjonar.  Dagens artikkel i Science demonstrerer at vi no kan sjå og betre forstå storstilte åtferdseigenskapar hjå sild. I framtida kan dette verte ein viktig reiskap for å sjå på bestandsinteraksjon, vandringsdynamikk og fisk si åtferd i høve til det fysiske og biologiske miljøet, seier Godø.
 

Kontaktpersoner

Kjartan Mæstad
958 08 470
Olav Rune Godø
404 37 671