Hopp til hovedteksten
GOSogisfjell2.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Ein merkedag for norsk havforsking

–Det er svært gledeleg at Regjeringa går inn for å bygge eit nytt isgåande forskingsfartøy i løpet av dei neste par åra. Det er ein viktig investering for alle institusjonar som arbeider innafor norsk havforsking, seier forskingsdirektør Ole Arve Misund ved Havforskingsinstituttet.

Regjeringa si breie satsing på forsking i nord inneber i tillegg etablering av eit nytt stort senter for klima og miljø med sekretariat hos Norsk Polarinstitutt. Havforskingsinstituttet ser svært positivt på dette og ser fram til å medverke aktivt til arbeidet for å auke kunnskapen på dette viktige fagfeltet. Instituttet er allereie ein del av senter for framifrå forsking på klima, Bjerknessenteret, og arbeider kontinuerleg med å overvake og gi råd til styresmaktene på dette området. –Meldingen er gjennomgående positiv for oss, og åpner for mange nye interessante områder både faglig og for samarbeide med andre miljøer, sier administrerende direktør Tore Nepstad.

–Etablering av eit nytt stort program for heilskapleg overvaking og varsling i nord er også eit viktig grep for å bli enno betre på forvalting av havets miljø og ressursar, seier forskingsdirektør Einar Svendsen ved Havforskingsinstituttet. Havforskingsinstituttet er sterkt involvert i forprosjektet og forvaltar heilt sentrale data for at dette skal bli eit viktig verktøy for Noreg.

Oppdrett av torsk har vore eit sentralt arbeidsområde ved Havforskingsinstituttet sidan syttitalet. Vår kunnskap er ein av hovudpilarane i utviklinga av torskeoppdrett både nasjonalt og internasjonalt. –Vi ser fram til å vere den viktige kunnskapsleverandøren også i utviklinga av framtidas torskeoppdrett i nord, seier Misund som samstundes understrekar at Havforskingsinstituttet har ein klar strategi om å styrke avdelinga i Tromsø.

Kontaktpersoner

Einar Svendsen
909 97 343