Av: Kari Østervold Toft
Over: Sortering av forskingsfangst. (Illustrasjonsfoto)
Regjeringa peikar på at finanskrisa og utfordringane i eksportmarknaden har ført til eit kraftig fall i torskeprisane, noko som fører til sterk reduksjon i instituttet sine inntekter frå forskingsfangst. Dei 10 friske millionane skal setje Havforskinga i stand til å oppretthalde forskingsaktiviteten i 2009.
- Vi er svært glad for denne tilleggsløyvinga. Dette gjer at vi no kan styrke vår innsats i Barentshavet til hausten og utvikle ein forskingsstasjon i Finnmark, seier administrerande direktør Tore Nepstad.
- I tillegg må vi sjølvsagt vurdere korleis vi best får nytte for denne styrkinga, understrekar Nepstad.