Hopp til hovedteksten
Muller fra Etnefjorden.
Muller fra Etnefjorden.
Foto: Otte Bjelland
Utskriftsvennlig versjon

Mulle-mylder i Hordaland

I det siste er det fiska etter måten mange muller – ein art som normalt trivst i sørlegare vatn enn våre – rundt om i Hordaland. I tillegg til mulle har Havforskingsinstituttet også trekt garn med den lite kjende arten brungylt.

Av Marie Hauge

To muller (Mullus surmuletus L.) gjekk i trollgarn på Havforskingsinstituttet sin stasjon i Etnefjorden. Trollgarnstasjonen er etablert i samband med Hardangerfjordelen av forskingsprogrammet EPIGRAPH. Elles er det fiska mulle inst i Fensfjorden, utanfor Stord og Uskedalen og i Fusa.

Litt spesielt

– Vi får årvisse meldingar om mulle, men så hyppig rapportering som det har vore i det siste har vi ikkje opplevd før. Det er litt spesielt, seier forskar Otte Bjelland på Havforskingsinstituttet.

I Sør-Europa er mulla ein populær matfisk med årlege fangstar på rundt 20 000 tonn. Dei seinare åra er det registrert meir mulle i den sørlege delen av Nordsjøen. Nordgrensa til arten har til no vore trekt ved Hordaland.

Dei ferske, nordlege mulleeksemplara måler mellom 28 og 35 centimeter og veg rundt ein halv kilo.
Korkje mulle eller brungylt – den minst kjende leppefisken hos oss – var observerte på 1950-talet då den førre store undersøkinga i Hardangerfjorden fann stad. Funna frå den gangen er referanse for EPIGRAPH.

Varmare vatn, ny fisk

Kvifor det vert fanga så mykje mulle på grunt vatn nett no veit forskarane ikkje sikkert. Det kan handla om ein reell auke i omfanget eller ein einskild årsklasse som har tatt seg til våre strøk, seier Bjelland. Han peikar på at det er nærliggjande å tru at dei hyppige førekomstane heng saman med temperaturtilhøva i sjøen.

– Når vatnet vert varmare er det lettare for sørlege artar å etablera seg hos oss, det har vi fleire døme på. På sikt kan desse sørlege artane skapa ei dreiing i fiskefaunaen vår, seier Bjelland. Han er likevel ikkje uroleg for at den vesle mulla skal utkonkurrera fastbuande fisk.

– Men vi ser blant anna at lysing og havabbor, som aukar i omfang på våre breiddegrader, er potente predatorar. Det kan få konsekvensar for lokale fiskestammar.

Født her eller innvandra?

Blant spørsmåla forskarane spør seg er om dei sørlege artane reproduserer seg her eller om det dreier seg om ungfisk som er ført nordover med straumen. Bjelland fortel at det er sett små St. Petersfisk og yngel frå mulle og havabbor våre farvatn. Hittil er desse observasjonane ikkje verifiserte.

Svaret på kvar mullene har sitt opphav kan vera å finna i øyresteinane. Med dagens teknologi kan analyse av kjernen i øyresteinen fortelja kvar fisken er klekt.

 

Kontaktpersoner

Marie Hauge
975 68 384
Otte Bjelland
909 98 192