Hopp til hovedteksten
Turner_Birgitta_008.jpg
Ted Turner og forskar Birgitta Norberg.    
Foto: Marie Hauge
Utskriftsvennlig versjon

Oppdaterte Turner på siste torskenytt

Den amerikanske mangemilliardæren Ted Turner vart servert brennaktuelt forskingsnytt då han vitja Austevoll i går: Oppdrettstorsk sprer seg og er levedyktig i villtorsken sitt naturlege miljø. Om eitt til to års tid veit forskarane også om det skjer kryssing mellom tam- og villtorsk; kanskje det største ankepunktet mot torskeoppdrett.

Av Marie Hauge

Forsøk gjorde ved Havforskingsinstituttet sin stasjon på Austevoll har vist at torsk gyt i merdane, at egga vert befrukta og overlever ute i det fri. Etter tre år ”på rømmen” sym oppdrettstorsken framleis rundt i beste velgåande, og vegen fram til felles avkom med villtorsken er i teorien kort. Om kryssing mellom oppdrettstorsk og villtorsk faktisk vil skje, veit forskarane om eitt til to år. Då har 2007-årgangen av dei utplasserte oppdrettskulla nådd kjønnsmoden alder.

Intelligent torsk

Torsken er ein kompleks fisk, og eksisterande kunnskap om åtferd til oppdrettslaksen kan i liten grad overførast direkte til torsk, fortalde forskar Birgitta Norberg. Ho guida Ted Turner og styret i Turner Foundation – dei fem borna hans – gjennom norsk oppdrettshistorie og -forsking då dei besøkte forskingsstasjonen. 
– Torsken er langt meir intelligent enn laksen, og kan gnaga seg ut av merdane, fortalde Norberg. Ho var også innom fôr, fiskevelferd, forureining og bærekraftig vekst i presentasjonen. Gjestene fekk også vita litt om dei lokale torskeforsøka med steril fisk og reindyrka ho-bestandar. Det kan verta framtidige metodar for å unngå uønskt kryssing mellom vill- og tambestandar av torsk.

Mediemogul og velgjerar

Ted Turner er kan henda mest kjent som grunnleggjaren av TV-kanalen CNN. I seinare tid har han i stadig større grad byrja å interessera seg for bistands- og miljøspørsmål. Den rikhaldige portefølja hans tel i tillegg til fleire velgjerande stiftingar også ei restaurant-kjede. Trygg mat er såleis også av økonomisk interesse for milliardæren, kunne eit av styremedlemmene fortelja.

Turner_006.jpg

Ted Turner hadde med seg kjærasten og familien, som også utgjer styret i Turner Foundation, til Noreg. Forskar Anne Berit Skiftesvik (t.h.) fortel om leppefisk i merdane.   

Foto: Marie Hauge

Omvising på stasjonen

Høvet til å spora fisken attende til produksjonsstad, konsekvensane av ulikt fiskefôr og ikkje minst korleis rømt oppdrettstorsk kan påverka den ville torsken var blant tema Turnerfamilien ville læra meir om. Etter Norberg sitt foredrag vart det også tid til ei omvising på stasjonen, der blant andre forskar Anne Berit Skiftesvik kunne visa fram tankar med ulike stadium av ”cleaningfish”; leppefisk som vert brukt til å bekjempa lakselus.

Heile familien på fjordtokt

Vitjinga på Austevoll var det siste i Turnerfamilien sitt sju dagar lange fjordtokt på Vestlandet. På turen, som føregjekk om bord på minicruiseskipet MV Hebridean Princess, har amerikanarane fått ein dagleg dose fagleg påfyll om alt frå bærekraftig skogdrift til vasskraft og vikinghistorie.
Dei fem Turnerarvingane hadde også med seg sine born til Noreg. Medan dei vaksne vart oppdaterte på norsk oppdrettsforsking fekk dei yngste mellom anna sjå og mata fisk i tankar og merdar og studera egg og yngel i mikroskop. Det skjedde under kyndig rettleiing av stasjonsleiar Torfinn Grav.    

Turner_Birgitta_drift_009.jpg

Stasjonsleiar Torfinn Grav, Birgitta Norberg og Ted Turner.

Foto: Marie Hauge

 

Rømt oppdrettstorsk

Mellom 2003-2006 vart det avla fram ein stamme med eit spesifikt, lett identifiserbart genetisk merke på stasjonen i Austevoll

I 2006 vart det dokumentert at utplasserte eksemplar frå denne stamma gytte og at larvane spreidde seg

Dei nyaste forsøka syner at larvene frå merdane sprer seg til større område og er levedyktige

 

Kontaktpersoner

Marie Hauge
975 68 384