Hopp til hovedteksten
kartfedjeubaat540px.jpg
Strekane i kartet viser områda der det er henta inn fiskeprøver
Utskriftsvennlig versjon

Overvakar fisk og skaldyr frå ubåtvrak-området

Sjølv om vraket av U 864 no vert heva og eit 30 mål stort område vert tildekt, vil det i fleire år framover vera behov for overvaking av området. Havforskingsinstituttet og NIFES held fram med overvakinga for å vera sikre på at ikkje kvikksølv lek ut frå dei tildekte sedimenta.

Strekane i kartet viser områda der det er henta inn fiskeprøver (klikke på kartet for større utgåve).

Havforskingsinstiuttet og Nasjonalt senter for sjømatforsking (NIFES) samarbeider om overvakinga. Fisken og skaldyra i området vert jamleg kontrollert for kvikksølv frå sedimenta.

Ubåten vart torpedert og brakk i to delar. Ein god del av lasta på mellom 60 og 70 tonn kvikksølv vart øydelagd og lak ut i området. Dette er blitt stadfesta med til dels høge kvikksølvverdiar i sedimentprøver tatt ved ubåtvraket.

- Hevinga av ubåtvraket vil føra til auka fare for forureining i hevingsoperasjonen. Under føresetnad av at dette går bra, vil ein få fjerna hovudkjelda til nye forureiningar for all framtid, seier Jarle Klungsøyr.
Men hevinga vil ikkje endra noko for kvikksølvet som alt er sloppe ut i miljøet. Det er dette området med forureina sediment som skal dekkjast til.

- Det kan framleis henda at små mengder kvikksølv som alt er sloppe ut, kan takast opp i fisk og skaldyr. Difor er det viktig å halda fram overvakinga, seier Klungsøyr.

Havforskingsinstituttet og NIFES har sidan 2004 samla inn og analysert prøver av fisk og skaldyr frå området ved ubåtvraket. Dei fleste verdiane ligg lågt. For torsk og uer er det funne enkelte kvikksølvverdiar som er litt over normalnivået. Det er registrert få tilfelle over grenseverdien, som er på 0,5 mg kvikksølv per kilo fisk.

Kontaktpersoner

Jarle Klungsøyr
55 23 85 98
Kjartan Mæstad
958 08 470