Hopp til hovedteksten
åpning stasjonen 057 copy.jpg
Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen. (Arkivfoto) 
Utskriftsvennlig versjon

Engasjement for havforsking

- Forsking er grunnpilaren i ei berekraftig forvalting, sa statsråd Helga Pedersen i si innleiing på representantskapsmøte i Fiskebåtredernes forbund i Oslo onsdag.

Om lag 250 næringsutøvarar, politikarar, journalistar, representantar for miljørørsla og forvaltingsinstitusjonar er i desse dagar samla i Oslo. Hovudtema for dei to dagane er langsiktige miljøutfordringar, og Ole Arve Misund hadde den første innleiinga med tema ”utfordringar for norsk ressursforvalting”.

Sett med ”havforskingsauger” var kanskje debatten den mest interessante. Fleire av debattantane var innom instituttet si reduserte toktverksemd og tok til orde for at instituttet måtte få rammevilkår som set oss i stand til å oppretthalde verksemda vår samstundes som vi er i stand til å løyse alle oppgåvene vi er  pålagt, gamle som nye.

Statsråden uttrykte glede over det store engasjementet for havforskinga, og sa at ho i framtida vil leggje stor vekt på forsking.

Bellona, Oljeindustriens Landsforening, Fiskeridirektøren og WWF var også inviterte til å innleie på Fiskebåt sitt møte.
 

Kontaktpersoner