Av Marie Hauge
– Medan ein i landbruket bevisst dyrkar fram premieindivida, blir det motsett effekt i havet, forklarar Espen Moland Olsen.
– Når vi fiskar vert nokon gytarar plukka vekk, medan andre overlever. Det er i hovedsak dei store individa, som gjev god pris, som vert fiska opp. Tilbake i havet er dei små individa som gyter færre og dårlegare egg.
I og utanfor
Espen Moland Olsen høyrer til faggruppe Populasjonsgenetikk og økologi ved Havforskingsinstituttet. Han leier eit prosjekt som skal undersøkja økologiske effektar som vekstrater og fekunditet hos hummar som lever i og utanfor reservat. Vidare vert det sett på kva evolusjonære effektar ein kan finna på individ som er utsette for fiske og dei som er verna. Prosjektet går over fem år og er finansiert av Norges forskningsråd.
Overførbart til fisk
Forskinga skjer på hummar, som førebels er den einaste arten som er beskytta i eigne verneområde i Noreg. Resultata er overførbare til torsk og andre marine artar som deler hummaren si livshistorie med frittflytande larvestadium og eit meir stadbunde tilvære som voksen.

Merkt hummar.
Vanskeleg å reversera
Fiskeria utgjer i mange tilfelle den største dødelighetsrisiko for fisk, og kan resultera i eit strengt seleksjonspress i bestandane. Seleksjonen kan gje seg evolusjonære utslag som redusert vekstrate og tidlig kjønnsmodning. Slik utvikling er alt bevist for kortlevde artar, og det er indikasjonar på det same for langlevde artar som torsk, fortel Moland Olsen. Han peikar på at det ligg føre forsking som viser at evolusjonær endring kan skje innafor levetida til eit menneske, så kalla samtidsevolusjon.
– Dette er endringar som skjer raskt, men som er vanskeleg å reversera. Det kan ta mange generasjonar å snu utviklinga. I verste fall lukkast ein ikkje.
Ingen norsk tradisjon
Historisk sett har det vore ei forestilling om at fiskebestandane i dei nordlege havområda er store og nærast utømelege. Dessutan har dei ei pelagisk åtferd som gjer det vanskeleg å driva områdebasert vern. Bestandane er forvalta med hjelp av tradisjonelle verktøy som kvoteregulering og fangstreiskapar. Moland Olsen peikar på at verneområde for fisk også kan nyttast for sårbare bestandar i våre farvatn.
– Etter kvart veit vi at til dømes kysttorsk er særs stadbunden med nærast ein bestand for kvar fjord.
Grunnleggjande kunnskap
I tillegg til dei tre norske verneområda frå 2006 er det eitt svensk reservat med i forskingsprosjektet. For dette området har ein data attende til 1989.
– I første fase ser vi kven som blir fanga og kven som overlever. Vi har jo ei forventing om at store individ i større grad vil overleva inni reservata, men vi veit det ikkje. Prosjektet vil skaffa oss grunnleggjande kunnskap om verneområde kan virka.
Vidare skal ein samanlikna talet på store individ, reproduksjonssuksessen hos hannane og produktiviteten til hoene innanfor og utanfor verneområda.
