Hopp til hovedteksten
imrULLHANDS.jpg
Foto: Stephan Gollasch
Utskriftsvennlig versjon

Krabbaktig gode kolonistar

Krepsdyr, og spesielt krabbe, er overlegne i hæren av invaderande artar: Dei toler lange reiser, er utstyrt med rustning og skremmande  våpen og et det som måtte stå på menyen. 

Av Marie Hauge

Det er gjort ubekrefta observasjonar av ullhandskrabbe i Mandalselva. I nord regjerer kongekrabben, og etter kvart har snøkrabben også begynt å markera seg i våre havområde. Forskarane veit ikkje kor langt desse eksotiske artane kan koma til å vandra. Nyleg er det meldt om ein mogleg observasjon av kinesisk ullhandskrabbe i Mandalselva. Skulle observasjonen visa seg å vera riktig, kan det tyda på at arten er på veg nordover frå kjente bestandar i Tyskland og Danmark.

Krepsdyr klarar seg

– Krepsdyr er mykje på farten og lukkast oftare enn dei fleste dyregrupper å etablera seg i nye område. Forklaringa er å finna i deira biologi, økologi, åtferd og helse, seier Gro van der Meeren, som er forskar ved Havforskingsinstituttet.

Menneskelege faktorar spelar ei viktig rolle i forflyttinga. Skipstrafikk, handel, nye utvekslingsvegar (til dømes kanalar og endra elveløp) og bevisst utplassering fører til at organismar vert spreidde mellom ulike verdsdelar og -hav.

Fast etablerte og sporadisk

Nokre av dei skalkledde er openlyst importert, andre klorer seg til skipssider, overlever månadsvis i ballastvatn eller lurer seg inn som blindpassasjerar på skjel og tang. Berre i Noreg er det dei siste tretti åra registrert fem nye artar: Kongekrabbe, spøkelsekreps og snøkrabbe som er på ulike stadium av etablering. Amerikansk hummer og ullhåndskrabbe er berre er funnen spreitt og sporadisk.

–Andre vi bør sjå opp for er ein stor rurart og ein japansk strandkrabbe som no er etablert langs kysten i Europa. Sistnemnde er førebels ikkje dokumentert i Noreg.

kongekrabbelarve_imr.jpg

Ung kongekrabbe, som er veteranen blant dei innvandra krepsdyra.

Foto: Gro van der Meeren

Vinn eller forsvinn

Det er ikkje noko nytt fenomen at levande organismar følgjer med menneska på deira ferd rundt om på kloden. Problema med kaniner i Australia er kjende. Dei er ein av fleire nye artar som har ført til økologiske endringar og store økonomiske tap i dei nye leveområda. Suksessfull etablering er likevel ikkje regelen om ein art hamnar på vidvanke.

– Dei fleste artar som kjem til ein ny stad forsvinn utan å setja spor etter seg. Dei er utrusta for eit heilt bestemt miljø og klarar ikkje å omstilla seg til andre omgjevnader, forklarar Gro van der Meeren.

Geskjeftige innflyttarar

Så altså ikkje for dei opportunistiske krepsdyra. Vel framme er dei i stor grad tilpasningsdyktige i høve til temperatur, saltinnhald og føde. Dei mest geskjeftige innflyttarane sørgjer også for at omgjevnadene tilpassar seg dei. Det vert grave, skyve og flytta rundt på gjenstandar. Eit godt døme er ullhandskrabba som lagar tunnelar slik at elvebreidden om den ikkje finn anna skjul. Skulle elvebredden skli ut, så grev dei berre nye holer.

Vår eigen strandkrabbe har vist seg å være ein av dei mest vellukka invasjonsartane i verda. Den er no observert i alle verdsdelar, og har blant anna ført til at sniglar har fått tjukkare skal og endra samansetninga av bunndyrsamfunn langs nordaustkysten av Amerika.

Aggresive strandkrabbar

Krepsdyra har fleire våpen på lager når dei skal ta over nytt land. Luktestoff, så kalla feromon, vert nytta som lokkemiddel for å føra hoer og hannar saman for paring. Den utmerkte luktesansen hjelper dyra i ein spreitt bestand å finna kvarandre.
Velutvikla klør og høgt aggresjonsnivå er fortrinn som til dømes har hjelpt ulike strandkrabbar med å jaga vekk lokale konkurrentar.

Ingen feinschmecker

Gro van der Meeren fortel at krepsdyra er svært takknemlege i matvegen.

– Fødevalet til krepsdyra er som regel veldig variert. Det betyr at det sjeldan eller aldri er mattilgangen som stoppar ei nyetablering.

Det er også liten sjanse for at nykomarane vert etne av dei innfødde.

– Rovdyr og parasittar i eit økosystem er tilpassa det naturlige byttedyrutvalet. Derfor vil ikkje høgt spesialiserte rovdyr angripa ein ny art. Det tek tid før økosystemet endrar seg slik at mindre spesialiserte artar kan nytta seg den nye ressursen. 

Spøkelseskreps

Spøkelseskreps er ein nykomar som blant anna stortrivs på oppdrettsnøter.

Foto: Nils Aukan

Manglar hinder

Introduserte artar er rekna som den nest største trusselen mot biologisk mangfald, etter habitatsforringning. Spreiing av sjukdom og parasittar er også ein del av trusselbiletet. Trass i ein del gode intensjonar, er det enno ikkje på plass eit tilstrekkelig effektivt hinder mot transport av vatn og dei skapningane som følgjer med vatnet, fortel Gro van der Meeren.