Hummarfisket har – kanskje meir enn noko anna fiske – karakter av folkekultur langs Skagerrakkysten og på Vestlandet. Det særs tilpasningsdyktige krepsdyret er ein av dei eldste artane i vår maritime fauna, og praktverket "Hummer" frå Sørlandet inneheld det meste som er verdt å vita om den ettertrakta matressursen.
Jan Atle Knutsen er ein av tre forfattarar. Øystein Paulsen står for storparten av bileta i boka, som nyss kom ut på Bokbyen forlag. Både Knutsen og Paulsen er tilsette på Havforskningsinstituttet.
Boka inneheld mange flotte bilete og illustrasjonar og er krydra med anekdotar og personlege skildringar av hummaren og kystkulturen som knytter seg til hummarfisket.
Eit kapittel er sett av til ei grundig innføring i biologi og åtferd. Vidare er det presentert nye forskingsresultat og aktuelle problemstillingar knytte til ei bærekraftig forvalting av hummarbestanden.
Det nett over 200 sider store praktverket kan også fungera som ei praktisk oppslagsbok. "Hummer" byr på tips, informasjon og oppskrifter til dei som vil prøva seg med teiner sjølve eller som nøyer seg med å stella til hummerkalas.
Dei andre forfattarane av boka er Jo van der Eynden og Øyvind Berg.
