Hopp til hovedteksten
Genetisk merket stamfisk
Utskriftsvennlig versjon

Torskenytt til frokost

Seniorforskar Knut E. Jørstad serverer siste nytt om det trøblete hopehavet mellom villtorsk og oppdrettstorsk. Det skjer på pressefrokosten under AquaNor-messa i Trondheim.

Av Marie Hauge

Torskeoppdrett er eit satsingsområde med stort vekstpotensial. Den årleg produksjonen er venta å koma på nivå med lofotfisket. Det store ankepunktet mot næringa er risikoen for blanding av genetisk materiale frå vill- og oppdrettstorsk. Det kan på sikt resultera i ei kritisk utarming av villtorsken.

Eit større forskingsprosjekt ved Forskingsstasjonen Austevoll har alt dokumentert at egg og larver frå oppdrettstorsk sprer seg i villtorsken sitt naturlege miljø. No veit forskarane også kva skjebne oppdrettslarvene får ute i den frie naturen: Eit overraskande stort antall veks opp og når kjønnsmoden alder. Spørsmålet som då melder seg med full tyngde er om villtorsk og oppdrettstorsk får felles avkom. Den nye kunnskapen kan få konsekvensar for framtidas torskeoppdrett.

Seniorforskar Knut E. Jørstad held foredraget ”Oppdrettstorsk på rømmen – blander den seg med vill torsk?” når Havforskningsinstituttet, NIFES og Nofima inviterer journalistar på AquaNor til frokost på Royal Garden Hotel onsdag 19. august kl. 0900–1100.

Se heile programmet her.