Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Skryt frå Språkrådet

– Vi er særleg godt nøgde med dei nye nettsidene dykkar, heiter det frå Språkrådet.

Av Marie Hauge

Språkrådet har gjennomgått Havforskingsinstituttet sin målbruk siste året og gratulerer instituttet med fine resultat.

– Havforskingsinstituttet har gjort mykje godt arbeid for at både nynorsk og bokmål skal vera synleg, heiter det frå Språkrådet. Dette gjeld tilfang både på papir, på nettet og i publikasjonane Havforskingsnytt og Havforskingstema.

Når brukarane

– Me har jobba aktivt for å oppfylla mållova, så eg er veldig nøgd med tilbakemeldinga frå Språkrådet. Havforskingsinstituttet er eit nasjonalt institutt, og me bør gå føre som medvitne språkbrukarar, seier kommunikasjonsdirektør Kari Østervold Toft. Ho fortel at instituttet også har produsert eit HF-nytt på samisk.

– Å nytta den målforma som best når brukarane våre er kanskje det viktigaste prinsippet i språkpolitikken vår, seier ho.

Nøgd med nettet

Språkrådet har også vitja nye imr.no, og er særleg godt nøgde med dei nylanserte nettsidene.

– Det er bra at de har skjermmiljø i begge målformene og at de i tekstane som vert lagde ut vekslar mellom bokmål og nynorsk, skriv Språkrådet.

Kontaktpersoner