Hopp til hovedteksten
Krabbe Mølen
Oljetilgrisa krabbe fra rullesteinstranda Mølen mellom Helgeroa og Nevlunghavn i Vestfold.
Foto: Øystein Paulsen
Utskriftsvennlig versjon

Oljesøk i små, ørsmå og mikrosmå sjødyr

Fisk og skaldyr vert skorne opp og analyserte for oljepåverknad i indre organ. Men korleis finn ein ut kor mykje olje eit mikroskopisk plankton har fått i seg?

Av Marie Hauge

Lasteskipet ”Full City” grunnstøytte utanfor Langesund i byrjinga av august. Så langt er det samla opp 306 kubikkmeter olje frå havaristen.

Mat og miljø

Alt dagen etter grunnstøytinga vart det teke prøvar av blåskjel og krabbe i havariområdet. Ei knapp veke seinare hadde Havforskingsinstituttet i Bergen motteke i overkant av 100 fiske- og skaldyrprøvar samt nokre vassprøvar frå sjølve havaristaden og området rundt. Det er også teke planktonprøvar, som er på veg til instiuttet. Nokre av prøvane går til NIFES, som vurderer fisk og skaldyr i høve til mattryggleik.

Plankton, fisk og skaldyr som indikatorar

Stepan Boitsov har ansvar for fiske- og skaldyrdprøvane, medan Lars-Johan Naustvoll og Padmini Dalpadado har ansvar for høvesvis planteplankton- og dyreplanktonprøvane.

Boitsov og kollegane hans på kjemilabben skal leita etter visse oljekomponentar – PAH (polyaromatiske hydrokarboner) – i innmaten frå blåskjel og krabbe og i lever, galle og filetar frå fisk.

 – Oljekomponentar kan vera lettare å finna i marine organismar enn i vatn. Blåskjel til dømes, filtrerer vatnet gjennom seg. Ein kjemisk analyse av innmaten viser PAH-verdiane, som i neste omgang fortel oss noko om omfanget av forureininga, seier Boitsov.

 

WESTRHEIM

Oljekomponentane vert sakte men sikkert lokka fram frå vassprøvane av overingeniør Kjell Westrheim på kjemilabben på Havforskingsinstituttet.

Foto: Marie Hauge

Kjemisk analyse

100 blåskjel er samla inn nær havaristaden. Det er ikkje olje å sjå på skala eller innmaten. Men det treng ikkje bety at skjela er reine, forklarar Stepan Boitsov. Det må nemleg ei kjemisk undersøking til for å påvisa oljekomponentar.

På laboratoriet vert oljekomponentane vert trekte ut av prøvane og konsentrert. Så vert dei køyrde gjennom eit analyseinstrument. Etter denne prosessen veit forskarane nøyaktig kor høge PAH-verdiar i prøvane frå dei ulike stasjonane. 

Plankton på formalin

Medan fisk, krabbar og skjel utan altfor store problem lét seg dissekera i analyserbare delar, er det ikkje like lett å setja kniven i plankton. Planteplanktona er mikroskopiske, og dyreplankton måler frå brøkdelen av ein millimeter og opp til nokre få millimeter.

Planktonprøvane vert tekne med håv, lagde på formalin og deretter studert under lupa.

– Vi ser på art og mengde. Prøvar som er tekne i forskjellig avstand frå utsleppet vert samanlikna. Om slike finst , vert prøvane også vurderte opp mot tidlegare undersøkingar frå området, fortel Padmini Dalpadado. 

Planktonet kan påverkast av olja direkte eller gjennom matopptaket. Dyreplankton står på menyen til ein stor del ung fisk, sjøpattedyr og sjøfugl. Er det høg dødeligheit og/eller mykje gift i plante- og dyreplanktonet, kan det få konsekvensar oppover i næringskjeda. 

 Kjenner ikkje konsekvensane

Tilgrisa sjøfugl og strender vitna om oljeutsleppet  frå ”Full City” berre timar etter havariet. Dei langsiktige konsekvensane av eit akutt oljeutslepp er meir kompliserte å sjå for seg. Det varierer frå område til område og gjennom året.  Giftinnhaldet i olja, vêr og temperatur og overlapp i tid og rom mellom oljeutsleppet og naturressursa spelar også inn, fortel dei to forskarane.

– Havstraumar vil raskt kunna tilføra nytt plankton til området. Det er meir alvorleg om olja påverkar planktoniske fiskeegg og -larver. Men utsleppet skjedde i ein periode der det truleg er låg gyteaktivitet hos fisken i området, seier Padmini Dalpadado.  

Førebels er det ikkje sikkert om Havforskningsinstiuttet kan venta seg fleire sendingar frå havariområdet.   

– Frå før har vi relativt gode referansar frå området. Det gjer det lettare å sjå i kva grad utsleppet har påverka det marine miljøet. Når vi kjenner miljøpåverknaden, kan vi også seia om det er behov for vidare prøvetaking og analysar, seier Boitsov.    

Kart.jpg

Prøvetakingsstasjoner i etterkant av Full City havariet på Såstein ved Langesund

Sjå kvar prøvane er tekne

Kontaktpersoner

Marie Hauge
975 68 384
Padmini Dalpadado
936 34 035
Stepan Boitsov
922 44 996