Av Marie Hauge
MAREANO har god ekspertise på kartlegging av store djupner, og ein stor del av MAREANO sine erfaringar med visuelle observasjonsmetodar er lagt til grunn i den nye standarden.
– Standarden har i seg alle dei gode rutinane vi har opparbeidd oss dei fire åra vi har drive kartlegging i Barentshavet, fortel Pål Buhl-Mortensen, som er forskar ved Havforskingsinstituttet og ein av prosjektleiarane i MAREANO.
Visuell undersøking
Mange bunnhabitat er vanskelege å undersøkja med tradisjonelle innsamlingsreiskapar som grabb og skraper. Dette gjeld særskilt når ein skal studera langsiktige miljøendringar. Visuell undersøking – ved hjelp av videokamera – gjer det lettare å dokumentera tilstanden og endringar over tid i botnorganismane.
Brukt av MAREANO
MAREANO skildrar og kartlegg naturtypar ved hjelp av videopptak og informasjon fra detaljert djupnekartlegging. Då er det viktig med ein standard som kan følgjast av ulike personar som leiar undersøkingane på havet, forklarar Buhl-Mortensen.
– Den nye standarden er ikkje skreddarsydd for MAREANO, men vi følgjer han i vårt prosjekt, seier han.
Klar for Europa
Havforskingsinstituttet har teke initiativ til og leia arbeidet med å utvikla den nye standarden saman med Standard Norge. I ekspertgruppa har også Veritas, Niva, NTNU og StatoilHydro delteke. Det har teke to år å utvikla standarden, som var godkjent i juni.
¬ Ein engelsk versjon av standarden er no lagt fram for ein europeisk standariserings-komité. Det vert så utarbeidd eit forslag som skal på høyring i fleire land i Europa, fortel Buhl-Mortensen.
