Av Marie Hauge
Kongen opna Aqua Nor 09 i Trondheim tysdag. På rundturen i messeområdet besøkte det kongelige følget stand 316, der Havforskingsinstituttet held hus.
Smitte og vaksine
Der stod ein lakselusekspert parat. På dei to minuttane forskar Karin Boxaspen fekk tête-à-tête med kongen rakk ho mellom anna å fortelja at lakselusa er eit av dei store problema i oppdrettsnæringa, og at Havforskingsinstituttet arbeider spesielt med smittespredning og vaksine. Når det gjeld det sistnemnde er det ikkje opplagt kva som er den mest effektive vaksineringsmetoden.
- Men syg ikkje lakselusa blod? ville kongen då vita. Som er heilt korrekt, i følgje Karin Boxaspen.
- Han fiskar jo mykje, og har tydeligvis gjort seg tankar om kva veg vaksinen kan ta inn i fisken, seier ho.
Eit lite grøss
Instituttet sin stand dokumenterer nyare lakselusprosjekt med bilete og tekstar. Ein av roller-upane viser nettopp ei vaksen holus med blod i tarmen.
Synet lokka fram eit lite grøss hos majesteten. Reaksjonen vart diskret registrert av den årvakne lakselusforskaren.
- Eg mistenkjer at kongen syns lakselus er ekle, seier Boxaspen med eit smil.

Internasjonalt samarbeid
Fleire fiskeriministrar og andre utanlandske gjester følgde kongen på rundturen i St. Olavshallen. Det vitnar om at messa også er ein viktig arena for politiske diskusjonar. Boxaspen vonar at diskusjonane munnar ut i meir internasjonalt forskingssamarbeid.
Noreg deltek alt i eit nettverksprosjekt på lakselus saman med Canada, Irland og Skottland. Havforskingsinstituttet er også i ferd med å formalisera eit prosjekt om genom på lakselus med Canada.
- Det er nok forsking til alle, seier Boxaspen. Forutan områda der Noreg ligg langt framme; smittespreiing og vaksinering, er det viktig å læra meir om avlusing og sjukdomsbehandling og å utvikla teknologien i oppdrettsanlegga. Boxaspen peikar dessutan på at grunnforskinga på lakselus er mangelfull.
Nysgjerrig næring
Også næringa er nysgjerrig på kor langt forskinga på lakselus er komen.
- Oppdrettsnæringa treng løysingar på lakselusproblemet om vidare vekst skal kunna forsvarast, seier Boxaspen, som har tru på at forskarane vil lukkast med å halda lakselusa i sjakk.
- Lakselusa høyrer til i naturen, ho vert aldri borte. Men eg har tru på at vi på sikt vil klara å redusera problemet slik at lakselusa ikkje påverkar villaksstammane.
