Hopp til hovedteksten
Grete_Merete_2.jpg
Merete Fonn og Grethe Tveit i full gong med fiskeprøvar på Henning Steen sin veranda i Langesund.
Foto: Henning Steen
Utskriftsvennlig versjon

Kriselabb på verandaen

Forskar Henning Steen frå Havforskingsinstitutttet har avblåst ferien og rigga til eit provisorisk laboratorium heime på verandaen. Der vert dei første fiske- og skaldyrprøvane etter oljeutsleppet frå ”Full City” analyserte.

Av Marie Hauge

Henning Steen arbeider på Forskingsstasjonen Flødevigen i Arendal. Han bur i Langesund, knappe 100 meter frå sjøen og om lag tre kilometer frå der havaristen ligg.

Rask prøvetaking

Steen hadde framleis ferie då det 167 meter lange lasteskipet gjekk på grunn natt til fredag 31. juli.
- Oljelukta var merkbar nestan med ein gong, og dagen etter såg vi korleis oljeflaket bevega seg i vår retning. Det var nedslåande å oppdaga kor ille tilgrisinga vart, fortel Steen.
Forskaren lét ferie vera ferie, og brukte helga til å samla inn blåskjelprøvar. Han kontakta lokale fiskarar, som skal levera krabbar og fisk til analysearbeidet Havforskingsinstituttet no skal ta i ferd med.

Henning_Grete2.jpg

Henning Steen og Grethe Tveit i den provisoriske labben. Havforskingsinstituttet skal analysera fisken for PAH (oljekomponenter). 

Foto: Merethe Fonn

Klar for analyse

Steen har stilt verandaen sin til disposisjon for første del av prøvetakinga, som tek til så snart han og kollegaene Merete Fonn og Grethe Tveit frå Havforskingsinstituttet i Bergen har fått det naudsynte lab-materialet på plass.
Prøvane skal analyserast vidare ved instituttet sitt kjemilaboratorium i Bergen og hos NIFES (Nasjonalt institutt for ernæring- og sjømatforsking).
”Full City” hadde inntil 1000 kubikkmeter tungolje om bord då det grunnstøtte. Det er så langt samla opp cirka 140 tonn med oljeemulsjon i havariområde, melder Kystverket.

For tidleg å konkludera

Erlend Moksness, som er forskingssjef ved Havforskningsinstituttet, er koordinator for undersøkingane som skal gjerast etter utsleppet. Han fortel at det er for tidleg å seia noko om kva effekt olja vil ha på nærmiljøet i havariområdet.
- Vi må først få nøyaktig kjennskap til omfanget av utsleppet og kor langt det har spreidd seg. Då kan vi veta meir sikkert kvar og kor ofte vi skal ta prøvar. Dessutan ventar vi på analysar frå SINTEF; som undersøkjer det kjemiske innhaldet i olja. Dei mest akutte skadeverkanden er det vi ser; tilgrisinga av skjergarden. Det kan koma til å påverka sjøfugl og sel.

Kontaktpersoner

Henning Steen
415 61 896