Av Marie Hauge
I seinare år er det fanga noko under 500 000 tonn nordaustarktisk torsk i året. Storparten vert fiska med trål. Noreg står for litt under helvta av fisket. Den norske fangsverdien har lege på vel 3 milliarder kroner i snitt dei siste ti åra. Elles er Russland, Færøyane, Spania, Storbritannia og Island viktige fangstnasjonar.
Det er ICES – det internasjonale råd for havforsking – som utarbeider kvoteråda. Havforskingsinstituttet deltek i rådgivinga.
Les kvoteråda og Havforskingsinstituttet sine kommentarar for nordaustarktisk torsk.
Statusen for den nordaustarktiske torsken er god. Det er spesielt to forhold som spelar inn:
• torsken er hausta etter eit berekraftig føre-var-prinsipp
• god mattligang; høgare havtemperatur aukar tilstrømminga av næringsrikt atlanterhavsvatn
