Hopp til hovedteksten
Forskar Svein Sundby og miljøvernminister Erik Solheim
Utskriftsvennlig versjon

Fekk forelesing om forsuring

–  I Noreg er det havet som størst grad og mest direkte er påverka av klimaendringane, sa miljøvernminister Erik Solheim då han vitja Bergen i går.

Av Marie Hauge

Ministaren prata om forsuring av havet med Svein Sundby, Knut Yngve Børsheim og Einar Svendsen frå Havforskingsinstituttet. Det skjedde i Akvariet, der Solheim fekk sjå havforsuring i mikroformat. Blåskjel overlever kort tid i tankane på akvariet. Fisken pustar ut CO2, og miljøet i dei små bassenga vert etter kvart for surt for skjela.

Råkar dyr med kalkskal

Denne kjemiske prosessen skjer – enkelt fortald – i stor skala i havet, som har teke opp i seg om lag ein tredel av all CO2 som er tilført atmosfæren dei siste 200 åra. CO2 er ei syre når det vert oppløyst i vatn, og dei øvste vatnlaga i alle verdas hav er i ferd med å verta surare. I første omgang råkar forsuringa korallar, sneglar og skalldyr.

Umulig å reversera

– Det er berre om vi sluttar å sleppa ut CO2 vi kan hindra vidare forsuring av havet, sa Svein Sundby. Han peika på at forsuringa av havet direkte kan koplast på utslepp av CO2. Dei noverande utsleppa fører til at forsuringa akselererer. Det vil ta tusenvis av år for naturen sjølv å reversera forsuringa. Det er heller ikkje kjent kva tiltak som kan bidra til å snu utviklinga anna enn nullutslepp av CO2. Forsuringa aukar raskast nær polane, og i norske farvatn vil dei store kaldvasskorallane vera spesielt utsette for forvitring.

– Forsuring er eit globalt problem, men vi treng å vita kva vi kan venta oss langs våre kystar, sa Knut Yngve Børsheim.

Treng forsking

Tilstanden vil også verta kritisk for dei små, men viktige organismane lågt i næringskjeda. Dyreplanktona raudåte og hoppekreps er sentral føde for større dyr, får dei problem vil det forplanta seg oppover i næringskjeda.

– Det vi treng i dag er lab-eksperiment for å finna ut korleis organismane reagerer på forsuring, sa Knut Yngve Børsheim. Han peika på at forsuring av havet er eit relativt nytt forskingsfelt. Det er store hol i kunnskapen. Tidlegare trudde ein at havet hadde uendeleg kapasitet på CO2. No fryktar forskarane at metningspunktet vil vera nådd i 2050.

– Vi må også overvaka kjemien i havet, påpeika Einar Svendsen.

Kunnskapsinnhenting

Etter praten med dei tre forskarane, møtte ministerene Klimatilpassingsutvalet som også var på vitjing på Havforskingsinsituttet tysdag. Der vart han overrekt den andre delrapporten frå utvalet. Rapporten tar for seg konsekvensane for hav-, jord- og skogbruk og reindrift, infrastruktur i tillegg til utfordringar for helse og forvalting.

Då han takka for rapporten, trekte miljøvernministaren spesielt fram havområda og dei konsekvensane klimaendringane får for miljø og næring knytta til havet.

– Dette vert sentrale tema for kunnskapsinnhenting og vidare forsking, sa ministeren.

 

Les meir om forsuring

Miljøvernminister Erik Solheim fekk overlevert ein rapport om forsuring av havet og dei utfordringane det medfører for forskinga.  

Les rapporten her

Klimatilpassing

Sjå den andre delrapporten frå klimatilpassingsutvalet.

Kontaktpersoner

Marie Hauge
975 68 384