Av Marie Hauge
Sel og sjøfugl er utsette ved oljeutslepp. Statens Forureiningstilsyn har retningsliner for tiltak som skal setjast i verk i den akutte fasen og i etterkant av utsleppet.
Steinkobbekoloniar
Arne Bjørge frå Havforskingsinstituttet er koordinator for etterkantundersøkingar av marine pattedyr etter akutt oljeforureining. Han fortel at kystselen havert ikkje lever fast i det aktuelle området. Det førekjem fleire mindre, stadbundne koloniar av steinkobbe.
Viss sjølvrensing
– Steinkobber er relativt robuste dyr. Eitt år gamle og eldre steinkobber skiftar pels i august, og går no inn i ein periode der dei truleg har ein viss evne til sjølvrensing, fortel Arne Bjørge, som ikkje rår til tiltak når det kjem til moderat tilgrisa dyr.
– Men sterkt tilgrisa dyr som lir, bør ein straks vurdera å avliva, sier Bjørge.
Kritisk for ungar
Årets steinkobbeungar har nett avslutta dieperioden, og er inne i ein kritisk fase før dei lærer å fanga mat sjølve. Sterkt tilgrisa ungar bør ein vurdera å avliva, sier Bjørge. Ei slik vurdering bør gjerast lokalt av viltnemnd eller veterinær i kvart einskild tilfelle.
Kan vaskast
Er det – av ulike orsaker – fanga inn eitt år eller eldre tilgrisa steinkobber, kan dei med fordel vaskast og setjast fri, sier Bjørge, som tilrår at vasking vert gjort under rettleiing frå personar som er vande med å handtera arten.
Meld frå!
Arne Bjørge ønskjer opplysning om observerte steinkobber (tilgrisa eller ikke) langs kysten frå Vestfold, Telemark og til Aust- og Vest-Agder. Ver venleg å oppgje:
• stad
• tid (dato og klokkeslett),
• kor mange steinkobber som er observerte
• kor mange som er tilgrisa
• eventuelt kor mange som daude
