Hopp til hovedteksten
Geir_Ottersen_2009_publ.pris.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Prisa publikasjonar

Geir Ottersen og Egil Ona er tildelt Havforskingsinstituttet sin publikasjonspris for høvesvis 2006 og 2007. Vinnarpublikasjonane handlar om endringar i gytebestanden til torsk og manglande effekt av stillegåande forskingsfartøy.

Av Marie Hauge

Til saman var åtte publikasjonar nominerte til Årets publikasjon for 2006 og 2007.
 

Yngre, færre og kortare gytarar

Dei siste 60 åra er det blitt færre og yngre årsklassar i gytebestanden til den atlantiske torsken. Gjennomsnittsgytaren er også blitt kortare.

Endringane svekkjer gytebestanden, og i neste omgang rekrutteringa til den alt tungt utnytta arten. Det kjem fram i vinnarartikkel for 2006, der Geir Ottersen (til høgre) er førsteforfattar: "Changes in spawning stock structure strengthen the link between climate and recruitment in a heavily fished cod (Gadus morhua) stock".

Gjennomsnittsgytaren er blitt tre år yngre - frå 10 til 11 år sist på 1940-tallet til 7 til 8 år på 1990-tallet. Lengden er redusert fra vel 90 cm til rundt 80 cm. Talet på årsklassar som bidreg til gytebestanden er også gått ned. Det ser ut som desse endringane i gytebestanden gjer at rekrutteringa no er meir følsom for variasjonar i havklima.

Sildas sjette sans

Egil Ona (bilde under) er førsteforfattar for årets publikasjon 2007: "Silent research vessels are not quiet

Etter råd frå ICES investerer forskingsinstitutt verda over i stillegåande forskingsfartøy. Desse båtane skal kunna utføra meir realistiske mengdemålingar av di dei ikkje skremmer vekk fisken.

Forsøk gjennomførte på Havforskingsinstituttet viser at sild i større grad og for ein lengre periode vik unna det stillegåande fartøyet "G.O. Sars" enn eit standard fartøy. Såleis må det vera andre faktorar enn støy som får fisken til å symja unna når fartøya nærmar seg. I artikkelen vert det konkludert med at ICES-målet om ”lydlause båtar” er lite hensiktsmessig så lenge det ikkje er klart kva som skremmer vekk fisken i samband med mengdemålingane.  

I etterkant av arbeidet har artikkelforfattarane lansert ein teori om sildas ”sjette sans” for å forklara kvifor fisken ikkje har problem med å oppdaga også stillegåande fartøy. 

I retningslinenen heiter det at årets publikasjon skal vera av høg vitenskapleg kvalitet, vera publisert i ”referee” tidsskrift, relevant i høve til verksemda på instituttet og med godt språk og informative figurar og tabellar.  Det er også eit krav at førsteforfattar kjem frå Havforskingsinstituttet eller at arbeidet er utført ved instituttet.

Vinnarane får ein sjekk på 10 000 kroner og eit diplom. 

Kontaktpersoner

Egil Ona
909 98 087
Geir Ottersen
410 47 374
Marie Hauge
975 68 384