Hopp til hovedteksten
Parupeneus nansen
Foto: Oddgeir Alvheim
Utskriftsvennlig versjon

Ny Nansen frå Mosambiks kyst

Han vart halt opp frå eit anonymt tilvære på dei langstrakte sandbankane utanfor Mosambik, og straks oppkalt etter ein norsk polarhelt. No er det heilt sikkert at det var ein Parupeneus nansen forskarane fekk i trålen den gangen. 

Den knapt 20 cm lange fisken med det karakteristiske geiteskjegget vart funne i ein botntrål gjort av forskarar om bord på forskingsfartøyet ”Dr. Fridtjof Nansen”. Trena auge skilde raskt det nyfanga eksemplaret frå dei andre medlemene av mullefamilien (det engelske familienamnet er forresten geitefisk).  Ein ny art var oppdaga. Etter ein rask dåpsseremoni på dekk vart den spesielle fangsten oppkalla etter Nansen.

Publikasjon

Med på Havforskingsinstituttet sitt tokt i 2007 var blant andre ekteparet Phil og Elaine Heemstra frå Sør-Afrika. Han taksonom og ho er illustratør. Dei arbeider for tida med eit verk om fiskeartar på kysten av Aust-Afrika. I ein fersk publikasjon er Parupeneus nansen og to andre mullefiskar som også vart funne under tokt med ”Dr. Fridtjof Nansen”, identifisert og skildra av taksonomen John E. Randall og Elain Hemstraa.

- Dette er kjekt, seier Oddgeir Alvheim frå Fiskerifaglig senter for utviklingssamarbeid. Han var med som teknikar på det tre månader lange økosystemtoktet, og hugsar godt den dagen den nye mullen var med i trålen.  

Artsrik fiskefauna

Toktet på Aust-Afrika vart gjennomført frå slutten av september og til midten av desember, og det vart tråla både pelagisk og på botnen. Alvheim som har mange tokt på Aust-Afrika bak seg, fortel at fiskefaunaen i området er artsrik, men med små mengder av kvar art. Det er ikkje uvanleg at det dukkar opp nye artar på forskingstokt i desse strøka. Nokre av fiskane er ukjente, andre er feilidentifiserte.

Det hender at fisk frå eksotiske farvatn vert observerte langt heimefrå, men det lite truleg at Parupeneus nansen dukkar opp på våre breiddegradar. Mulle er å finna langs norskekysten nord til Bergen, men det er arten Mullus surmuletus;  ein meir hardfør slektning til  nyoppdaginga.

Norge har ytt bistand til fiskerisektoren i Mosambik i over 30 år, og Havforskingsinstituttet har delteke sidan starten. Bistandsarbeidet dreier seg i hovudsak om fiskerimessige problemstillingar, men i takt med aukande turisme og petroleumsaktivitet i dei mosambikiske kystområda spelar økosystembasert forvaltning ei stadig større rolle.  

Kontaktpersoner

Marie Hauge
975 68 384