Hopp til hovedteksten
Sildestim på ekkolodd
Utskriftsvennlig versjon

Måler silda sin kondisjon med ekkolodd

Vanlegvis er ekkolodda montert i fartøyskroga. Ved å senka ekkoloddet ned i sildestimen, kan forskarane måla kor fort silda slår med halen. Dette kan mellom anna fortelja kor feit fisken er og dermed kor god tilgang den har på mat.  Med dette kan vi observera aspekt ved åtferda til silda som vi tidlegare måtte festa elektroniske merker på fisken for å få til.

Bildet over: Metoden går ut på å senka svingaren ned i den tette stimen. Bakgrunnen viser korleis ein sildestim ser ut på ekkolodda på båten, og det vesle ekkogrammet viser korleis stimen ser ut frå eit ekkolodd som er senka ned i stimen. Metoden som er utvikla nyttar data frå ekkogrammet i stimen til måla haleslagsfrekvensen til sild.

Forskarar ved Havforskingsinstituttet og The Michelsen Centre for Industrial Measurement Science and Technology har vidareutvikla metodikk for måling av fiskeåtferd inne i sildestimar ved hjelp av ekkolodd. Metoden måler haleslagsfrekvensen til sild inne i tette sildestimar.

Ser med lyd

Fisk og sjøpatterdyr har ofte god hørsel, og det er ikkje utan grunn. Lydbølgjer når langt under vatn, og difor er eit godt sanseapparat for lyd viktig for dyr som lever i vatn. Mange brukar lyd aktivt for å kommunisera med kvarandre. Nokre artar nyttar lyd aktivt som ein sonar, slik som flaggermus. Dei sender ut ein lydpuls og lyttar på ekkoet. Basert på ”lydlandskapet” frå ekkoa skapar dei seg eit bilete av verda omkring seg. Dette er spesielt utvikla for delfinartar og for spermkval. Desse dyra nyttar sonaren sin for å skaffa seg mat, både for å finna dei og under sjølve fangstprosessen. Dette greier dei på mykje større avstandar enn dei greier med synet.

Ser oppførselen til fisken

Den ”menneskelege sonaren” vart først utvikla då Langevin fann opp ein effektiv svingar (høgtalar og mikrofon) i 1917. Under den første verdskrigen vart denne teknologien nytta til å finna tyske ubåtar. Seinare fann ein ut at ein kunne finna fisk, på same måte som sjøpattedyra har gjort. I første omgang kunne ein finna ut kor fisken var, seinare kunne ein rekna ut mengda av fisk, og no er ein i stand til å måla åtferda til fisken. Stadig vert nye system utvikla som gjer oss i stand til å læra meir om livet i havet. Vi har eit godt stykke igjen til spermkvalen sin sonar, men vi nærmar oss stadig.

Ekkolodd klar for senking
Ekkolodd som vert senka ned i sildestimen.

Observering av åtferd til enkeltfisk der symjebanen vert målt er ein velutvikla metode. Forskarar på Havforskingsinstituttet har funne ut at denne metoden ikkje berre kan nyttast til målfølgje fisk, men at den og kan nyttast til å rekna ut korleis fisken sym, nærare bestemt kor raskt halen til fisken slår når han sym. Metoden går ut på å senda ned eit ekkolodd i ein kabel, og senda lydpulsar horisontalt inn i stimen (sjå Illustrasjon over).

Finn energibruken

Haleslagsfrekvensen til fisken er viktig på fleire måtar. Åtferda til fisken varierer i stor grad gjennom døgnet. Grunnen til dette er at lystilhøva endrar seg, og at risikoen for å verta mat for rovfisk (predatorar) varierer. Når fisken står djupt må fisk som ikkje har ei symjeblære som kan ”pumpast opp” symja for å motverka den negative oppdrifta. Haleslagsfrekvensen vert difor eit mål på energibruken til fisken, noko som kan læra oss meir om korleis fisken vurderer verdien av mattilgong opp mot sjansen for å verta mat for andre (predasjonsrisiko).

Høvet mellom haleslagsfrekvens og symjefart kan og seia noko om kondisjonen til fisken Kondisjonen til fisken er enkelt fortalt tilhøvet mellom vekt og lengde. Dersom fisken er tung i høve til lengda, seier vi den har god kondisjon. Det er eit mål på kor mykje mat som fisken har hatt tilgjengeleg, som igjen seier noko om miljøtilhøva til bestanden.

Metoden som er utvikla er relativt enkel, men har vist seg å vera robust. Det vil seia at den gjev gode målingar under varierande forhold.


Arbeidet er publisert i det fagfellevurderte tidsskriftet ”ICES Journal of Marine Science”.
Handegard, N. O.; Pedersen, G. & Brix, O. Estimating tail-beat frequency using split-beam echosounders. ICES Journal of Marine Science, 2009, 66, online version, doi:10.1093/icesjms/fsp003