Hopp til hovedteksten
Torskeegg
Utskriftsvennlig versjon

Nytt forskingsprogram om kyst- og fjordøkologi

I Porsangerfjorden er stortareskogane sterkt redusert fordi store mengder kråkebollar beiter ned tareplantane. Samstundes er sukkertaren i sterk nedgang og bestanden av brisling kraftig redusert i Hardangerfjorden. No lanserer Havforskingsinstituttet eit nytt, strategisk instituttprogram om kyst- og fjordøkologi for å undersøke kva som skjer i desse økosystema.

Det nye forskingsprogrammet, EPIGRAPH, skal hjelpe forskarane til å forstå årsakene til endringane i Hardanger- og Porsangerfjorden. EPIGRAPH er ei forkorting for  ”Ecological Processes and Impacts Governing the Resilience and Alternations in the Porsangerfjord and the Hardangerfjord”.

Porsangerfjorden

Stortareskogane i Porsangerfjorden er sterkt redusert fordi store mengder kråkebollar beiter ned tareplantane. Vi veit ikkje kvifor kråkebollane plutseleg blei i stand til å beite ned tareskogen. Samstundes har bestanden av kysttorsk vorte nesten heilt borte. Har det samanheng med at tareskogane også vart borte? Desse fenomena gjer seg gjeldande langs store delar av norskekysten, men Porsangerfjorden er eit høveleg modellområde for å studera det økologiske samspelet og om mogeleg avklare årsakene til endringane. I Porsangerfjorden står vi også framfor eit storskala, naturleg eksperiment fordi fjorden er i ferd med å bli invadert av kongekrabbe, ein ny og introdusert art som livnærer seg på å eta mellom anna kråkebollar.

EPIGRAPH har som arbeidshypotese at økosystemet i Porsangerfjorden er regulert av beiteprosessar, eit ”top-down” regulert system. Fem delprosjekt skal studere transport av egg og larvar av torsk og kongekrabbe, bestandsdynamikk og næringstilgang for fisk, beiteåtferd hos steinkobbe og havert, samspelet mellom stortare, kråkebollar og kongekrabbe, og ikkje minst kartlegge mangfaldet og produksjonen i botndyrsamfunna. Alle desse delprosjekta skal levera data for modellering av økosystemet i fjorden.

Hardangerfjorden

I Hardangerfjorden er sukkertaren i sterk nedgang og bestanden av brisling er kraftig redusert. Vi veit ikkje om auka tilførsler av næringssalt har vore ein medverkande årsak til disse endringane. Samstundes kan rømd oppdrettsfisk og lakselus ha innverknad på villaks og sjøaure.

EPIGRAPH har som arbeidshypotese at økosystemet i Hardangerfjorden er regulert av oseanografiske forhold (til dømes auka mengder næringssalter), eit ”bottom-up” regulert system. Åtte delprosjekt skal studere oseanografi, tarevegetasjon, sårbare habitat, dyreplankton, brisling, rovfisk og sjøpattedyr, genetikk hos brisling og samspelet mellom vill og rømd laks.

hardangerfj_350.jpg

Hardangerfjorden. Foto: Havforskingsinstituttet.

Om EPIGRAPH

Akronymet til programmet har dobbel meining. EPIGRAPH tyder nemleg ”skrifta utanpå” og skal fortelje noko om innhaldet. Med dette programmet vonar vi å kunne avdekka meir om innhaldet i fjordøkosystema, korleis dei verkar og ikkje minst korleis menneskeleg verksemd verkar inn på det økologiske samspelet. Kystfarvatna er sterkt utnytta til ulike føremål som mottakar for avrenning frå byar, bygder, industri og akvakultur, som ferdsleåre, som gyte- og oppvekstområde for viktige fiskeressursar som blir hausta både kommersielt og som fritidsfiske. Programmet vil vera svært viktig for å framskaffa kunnskap til bruk i forvaltningsplanar for kystfarvatna våre.

EPIGRAPH er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet, universiteta i Bergen, Tromsø, Ås og St Andrews i Skottland, NIVA og Distriktshøgskulen i Finnmark. Medarbeidarane i EPIGRAPH skal samlast til årlege konferansar. Eit hovudmål med møta er å dra lærdom av forsking i dei to ulike økosystema. Desse konferansane vil bli arrangerte i nærleiken av Hardangerfjorden og Porsangerfjorden. Lokale myndigheiter og lokal presse vil bli invitert til å delta.

 

kontakt

Porsanger
forsker
Kjell Tormod Nilssen
tlf. 77 60 97 24
mob. 90 09 28 29

Hardanger
forsker
Øystein Skaala
tlf. 53 47 35 23
mob. 47 62 78 78