Hopp til hovedteksten
merke-og-pistol_350.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Slepp ut 20 000 smolt

Med hjelp av utsleppt smolt skal forskarar ved Havforskingsinstituttet finne ut meir om kva oppdrettssmolt gjer når den rømmer frå merden. I løpet av året vil det bli simulert seks rømmingar frå Havforskingsinstituttet sin forskingsstasjon i Matre, totalt blir 20 000 merka smolt sleppte ut under forsøket.

Ved kvart smoltslepp vil nokon av fiskane ha eit akustisk merke. Det skal hjelpe forskarane med å studere detaljar i åtferda hos rømt smolt, og til å sjå på kor ivrig den er til å vandre ut av fjorden. Dei vil og undersøke om utvandringshastigheta endrar seg avhengig av tid eller alder ved rømming. For å fange opp dei akustiske signala blir det sett ut lyttebøyer.

I tillegg vil resultata basere seg på gjenfangst, hovudsakleg på og nær utsettingsstaden, og sportsfiskarar som fangar slik smolt vil få kr 100 i dusør per merke.

Utsetting i mai

Den første gruppa med fisk blir sett ut i løpet av mai. Då skal 4000 smolt ”rømme” frå ein merd, av desse vil halvparten vere behandla mot lakselus. Deretter skal 1500 smolt sleppast ut kvar månad frå juni til oktober. Alle ”rømlingane” kjem frå same gruppe slik at forskarane kan sjå om alderen har noko å seie for åtferda når smolt rømmer.

Forsøk som vart gjort på avkom etter villfisk på 80-tallet viste at smolt som rømmer i løpet av dei første to-tre vekene etter utsetting har størst sjanse både til å gjennomføre ein naturleg livssyklus og overleve. No undersøker ein om det framleis stemmer at smolten må rømme i løpet av dette smoltvindauget for å klare seg bra, eller om den også klarer seg bra om den rømmer seinare på sommaren.

Haustsmolt

Den siste gruppa på 8000 smolt som skal sleppast ut, er haustsmolt. Denne fisken er produsert meir intensivt enn vanleg smolt, og er klar til å settast ut i sjø om hausten medan vanleg lakseyngel vert smolt om våren. No vil ein undersøkje om rømt haustsmolt har same åtferd som rømt vårsmolt. Haustsmolten vert sleppt ut i to grupper, ei i oktober og ei i november, og også i desse gruppene vil det vere fisk med akustiske merke.

Har rømt smolt fordelar?

Bakgrunnen for forsøket er at fisk som rømmer tidleg i livssyklusen sannsynlegvis får ein utsjånad som er lik villfisk når den er vaksen. Dermed blir den vanskeleg å skilje frå villfisk når dei har vandra opp i elvane. Det er også antatt at åtferda til denne fisken er nokså lik villfisken si, noko som igjen kan gje dei større reproduktiv suksess enn det fisk som er eldre når den rømmer har. I tillegg er rømt smolt lite prega av oppdrettslokaliteten, og den vil derfor spreie seg over eit større område når den kjem tilbake til kysten som vaksen. 

Kontaktpersoner

Beate Hoddevik
908 21 630