Foto over: Sukkertare.
Japansk sjølyng er ein raudalge som er ein introdusert art i Noreg. Den vart funnen på nesten alle stasjonane. Japansk drivtang, også det ein introdusert art som no er vanleg langs kysten utanfor Hardangerfjorden, vart ikkje observert i fjorden.
Meir grønalgar
På nokre av lokalitetane i fjordarmane vart det funne mykje av grønalgen tarmgrønske. Samanlikna med det som vart funne på tilsvarande stasjonar på 1950-talet, kan det sjå ut som om det er meir av denne arten i fjordarmane no enn tidlegare. Denne algen trivst godt der det er litt ekstra næringssalt i sjøen.
Frå 10 meters djup og nedover, vart det funne mange kråkebollar på fleire av stasjonane. Det vart også funne ein del brune og raude påvekstalgar på tang og tare. Dette tilsvarar funna som vart gjort på 1950-talet.
10 stasjonar
I alt vart 10 stasjonar undersøkt i år, fem i fjordarmane og fem i hovudfjorden. Innsamlinga på stasjonane vart gjort så lik innsamlinga på 1950-talet som mogleg. Den var svært grundig og inkluderte 68 stasjonar, og vart utført av Ingerid Jorde og Nils Klavestad over fleire år. Notata deira om innsamlinga og algevegetasjonen i Hardangerfjorden blir oppbevart på Botanisk museum i Bergen, og resultata vart også publisert. Prøvane som vart samla inn i år, kjem til å bli undersøkte ut over hausten for å få fram fleire detaljar om utviklinga.

Grønalgar.
Eksterne kontaktpersonarKjersti Sjøtun les meirUndersøkinga er ein del av . |
