Hopp til hovedteksten
EUbesok_350.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Viktig besøk frå EU

Direktør Reinhard Priebe og rådgivar Constantine Alexandrou frå EU sitt direktorat for maritime saker og fiskeri besøkte Havforskingsinstituttet 12. juni. Dei fekk orientering om instituttet og korleis vi ser for oss utfordringane i framtida. I tillegg var ICES sin nye struktur og organisasjonen sin rolle som internasjonal rådgivar tema.

Priebe har ansvar for Atlanteren, ytre regionar og Arktis. Rådgivaren hans, Alexandrou, har Noreg og NEAFC som sitt hovudansvarsområde. Under besøket i Noreg var dei også innom Fiskeri- og kystdepartementet, Fiskeridirektoratet og Norges Sildesalslag.


Foto over:
Frå venstre: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, Reinhard Priebe, Constantine Alexandrou og Ole Arve Misund.

Kontaktpersoner