Hopp til hovedteksten
Anna-Rogde372.gif
Utskriftsvennlig versjon

Noreg i Brest

Brest er invadert av nordmenn denne veka. Denne gongen er ærendet fredeleg. Me er her for å vise tradisjonell norsk kystkultur og moderne kystforvalting. Kystverket og Havforskingsinstituttet er med for å vise at framtida for kysten byggjer på solid kunnskap og tradisjon, og at dette er grunnlaget for ei berekraftig framtid på kysten.


Foto over: Anna Rogde er eit av 12 norske større og mindre fartøy som deltek i Brest.

Brest inviterer til maritim festival i ei veke kvart fjerde år. I år er Noreg invitert som fokusland saman med Madagaskar, Vietnam, Kroatia og Galicia. Dette er ein gigantisk folkefest som hadde over 2 millionar besøkande for fire år sidan, og det ser ikkje ut til å bli mindre i år.

Under opninga fredag hadde vi besøk av ordføraren i Brest og eit følgje der mellom anna den norske konsulen i Brest deltok. På Havforskingsinstituttet sin stand viser vi video frå tokt i Barentshavet og frå Mareano-tokt. Vi har òg plakatar som fortel meir om olje-fisk, Antarktis-toktet og Mareano. Franskmenn (og –kvinner) er interessert i miljøspørsmål og opptekne av om norske farvatn er reine. Dei er opptekne av torsk og laks – og forundra over at det faktisk er ein sterk torskebestand i norske farvatn. I går var me på fire franske fjernsynskanalar med omlag 20 millionar sjåarar.

ordfrer-Bresta372.gif

Ordføraren i Brest besøker Kystverket og Havforskingsinstituttet under opninga av den maritime festivalen i Brest fredag.

På Noregs dag var det utruleg mykje folk innom Havforskingsinstituttet sin stand og henta med seg kunnskap. Mellom dei som tok seg tid til eit besøk og gode samtaler var den norske ambassadøren til Frankrike, Bjørn Skogstad. Frå Ambassaden og Innovasjon Noreg si side var det viktig å få med Havforskinga for å vise kor viktig kunnskap er for framtida på kysten.

Under festivalen er gater og kaiområda i Brest fylde med folk frå tidleg til seint. Og på kvelden paraderer gamle og moderne fartøy på indre hamn med vakker lyssetting og musikk. Det er eit fenomenalt syn.

kveld-i-Bresta372.gif

Kveldsstemning i Brest.

Kontaktpersoner