Av Kari Østervold Toft
Vatnet i Hardangerfjorden vert kontinuerleg skifta ut med kystvatn. Denne utskiftinga er så stor at det vil vere vanskeleg å spore auke i næringssalt eller auka algevekst i vassmassane. Modellutrekningar som Havforskingsinstituttet har gjort viser at ein fiskeproduksjon på 50 000 tonn i året i Hardangerfjorden maksimalt kan gi ein auke i konsentrasjonane av næringssalt og planteplankton på 2-5 %. Denne auken er så liten at den ikkje er muleg å måle.
- Vasskvaliteten er god i fjordane på Vestlandet, inkludert dei områda i Hardangerfjorden der det er fiskeoppdrett. Med så lave utslepp ventar vi heller ikkje å kunna påvise noko forureining, seier seniorforskarane Hein Rune Skjoldal og Jan Aure ved Havforskingsinstituttet.
Låg påverknad frå havbruk
I 1997 konkluderte ei nasjonal ekspertgruppe med at tilførselen av næringssalt frå havbruk og andre kjelder på Vestlandet utgjorde mindre enn 1 % samanlikna med naturleg transport i kyststraumen. Havforskingsinstituttet gjorde i 2005 ei ny vurdering av graden av påverknad av næringssalt frå havbruk til kystområda på Vestlandet som viser at denne påverknaden framleis er låg. Begge vurderingane er gjort på oppdrag for SFT.
Sommaren 2006 var ekstremt varm, noko som resulterte i høge sjøtemperaturar. Havforskingsinstituttet har vist at desse temperaturane var hovudårsaka til at sukkertaren på Sørlandet døydde. Vår konklusjon er at det same har vore tilfelle i Hardangerfjorden.
Satsing på auka kunnskap
I Statsbudsjettet for 2008 ligg ei satsing på å auke kunnskapen om fjordane sin økologi. Hardangerfjorden og Porsangerfjorden er utpeikt som dei to fjordane som skal vere i fokus for Havforskingsinstituttet si forsking på dette området. I dette prosjektet skal vi sjå på tilhøvet mellom havbruk og fjord- og kystøkologi, mellom anna knytt til spørsmål om rømming og genetiske interaksjonar mellom villfisk og oppdrettsfisk, sjukdomsoverføring, lokalisering av havbruksanlegg og effektar av utslepp og arealbruk.
Se ogsåBidrar oppdrettsnæringens til overgjødsling? Oppdrett stimulerer dyreliv i fjordeneKyst og havbruksrapporten 2007 Effektar av auka utslepp av næringssalt frå fiskeoppdrettKyst og havbruksrapporten 2007 Hvordan makroalgesamfunn langs kysten påvirkes av økt sjøtemperatur |
