Hopp til hovedteksten
Ole Arve Misund
Utskriftsvennlig versjon

Foredrag om klima og fisk

- Slik eg ser det, representerer fiskebestandane dei store fornybare naturressursane i havområda våre. Dei vil klare seg sjølv om vårt kalde land vert varmare og vi må utvikle fiskeria deretter. Det vil difor vere naturleg at desse naturressursane, som er så viktige for landet vårt, vert forvalta med eit heilskapleg perspektiv som evner å sjå dei ulike menneskelege aktivitetane på havet i samanheng, sa forskingsdirektør Ole Arve Misund i sitt foredrag på Fiskebåtredernes forbund sitt representantskapsmøte i dag.