Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Jens Revold, var ein av dei som hadde innlegg under arrangementet. Han sa mellom anna at denne avtala er ein viktig milepæl for marin forsking, og at Bergen marine forskningsklynge vil bli viktig for å tiltrekke dei rette personane til å drive banebrytande forsking.
Styrke marin forsking, utdanning og utvikling
Føremålet med forskingsklynga er å styrke marin forsking, utdanning og utvikling i Bergensregionen for å svare på regionale, nasjonale og globale utfordringar innan klima, miljø og ressursar, teknologi og helse. I oppstartfasen vil Bergen marine forskningsklynge satse på følgjande fire tema:
- Klima
- Marint miljø og ressursar
- Marin teknologi
- Frå hav til helse
Under arrangementet var det deltakarar frå alle partnarane i tillegg til gjestar frå mellom andre Bergen kommune, Fiskeri- og kystdepartementet og Kunnskapsdepartementet, samt bedrifter og organisasjonar.
Partnarane
Dei åtte partnarane som har danna Bergen marine forskningsklynge er:
- Havforskingsinstituttet
- Nansen senter for miljø- og fjernmåling
- Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES)
- Fiskeriforskning AS
- Unifob AS
- Universitetet i Bergen
- Christian Michelsen Research AS
- Helse Bergen
les meir |
