Tekst: klasse 3BI, Kvinnherad vidaregåande skule
Nysgjerrige gjester frå orientering hos Knut Hansen. Frå venstre: Malene Øyre, Astrid Kristoffersen, Kjersti Holmedal, Karina Solheim og Knut Hansen.
Klassen vart delt inn i to grupper. Den eine gruppa var med på tokt fredag 14. november, medan den andre gruppa var med måndag 16. november. Begge gruppene gjekk om bord på Halsnøy, og turen gjekk innom Hardangerfjorden, Sørfjorden, Maurangerfjorden, Høylandssundet, innløpet til Matrefjorden og Leirvik.
På fredag var det tråling som stod på programmet til forskarane. Då fekk vi vera med å sjå på fangsten; brisling, krill, maneter, lysprikkfisk, laksesild, to pigghåar, éin rognkjeks og ein del andre artar. Vi var med og målte, vog og undersøkte fangsten.
På måndag var vi med å filma havbotnen med undervasskameraet CamPod. Det var spennande å sjå på kva slags liv det fins 300-400 meter under vatn. Her var det ingen planter, men ein del dyr av forskjellige slag. Hummarar, sjøkreps, sjøstjerner, sjøtre, korallar og ankerdyr, og forskjellige typar svampar og skjel og nokre fiskeartar gjekk mykje igjen.
Det vart også tid til å undersøkja dyreplankton i lupe, samt otolittar (øyrestein) frå sild og brisling. For dei som ikkje veit det, så kan ein finna ut alderen til fisk ved å undersøkja otolittane deira. Denne informasjonen brukar forskarane til å finne ut av kor mange fiskar som er utklekka i år, i fjor osb.
Det var veldig kjekt og lærerikt for oss å få vere med på dette toktet. Lærarane skal ha mykje ros for at dei har fått til eit sånt samarbeid med Havforskingsinstituttet. Vi vil også gjerne takka forskarane og mannskapet på båten for at me fekk lov å vere med på dette her.
les merNytt forskingsprogram om kyst- og fjordøkologi EPIGRAPH kartlegg påverknad på økosystemet i Hardangerfjorden (pdf) |