Har kvar fjord sin torskebestand og kva betyr i so fall det for forvaltinga av kysttorsken? Dette var spørsmåla Nedreaas tok for seg i sitt innlegg. Kysttorsk vert definert som torsk som er klekka og oppvaksen på kysten og i fjordane. Vi snakkar om ein vandrande kysttorsk som gyt i fjordane og ein fjordtorsk med særeigne gyteplassar inne i fjordane.
