Hopp til hovedteksten
juni-07-080CCa372.gif
Utskriftsvennlig versjon

Betre kontroll på Hardangerfjorden

For å få betre oversikt over dei naturlege miljøvariasjonane i Hardangerfjorden, har Havforskingsinstituttet no sett ut to observasjonsbøyer som måler vind, straum, saltinnhald og dessutan temperatur i vatn og luft. Målingane kan følgjast ”live” på internett.

Hfj_boye3a372.gif

Ei av observasjonsbøyene i Hardangerfjorden. Foto: Havforskningsinstituttet

Dei fysiske faktorane som no vert  målt, har ein direkte påverknad på den biologiske delen av økosystemet, som plankton, tang og tare, korallar, fiskebestandar, fiskesjukdomar og parasitter som til dømes lakselus.
Aukande menneskeleg aktivitet i kyst- og fjordområda og forandringar i klimaet er årsaka til at Havforskingsinstituttet styrkjer innsatsen i kyst- og fjordsona. 

- Alt no kan vi sjå at det er mykje meir fart på inn- og utstraumane enn vi hadde trudd på førehand, seier forskar Lars Asplin ved Havforskingsinstituttet etter nokre veker med prøvedrift.

Kan følgjast ”live”

Observasjonsbøyene er plassert på sør- og nordsida av Hardangerfjorden ved Rosendal. Her går skiljet mellom ytre og indre del av fjorden. Observasjonar vil gje informasjon om vassutskifting samt forandringar i utbreiinga av brakkvatnet.

Målingane av vind, straum, temperatur og saltinnhald vert gjort kvart 10. minutt og dei vert lagt  automatisk ut på internett. Dei som vil, kan sjølv sjå målingane for kvar av bøyene.  (Vindmålaren på den eine bøyen er for tida ute av funksjon og viser difor null).

Lagar tidsseriar

Sjølv små endringar i fysiske faktorar kan ha stor innverknad  på utviklinga i økosystemet. Til dømes vil tare få redusert vekst ved for høge temperaturar. Oppdrettsfisken kan bli stressa og få sjukdomsutbrot ved hurtige endringar i temperaturen. Skilnadar i saltinnhald skapar eit eige straumsystem i overflatelaget. Det er i den relativt grunne brakkvannsstraumen laksesmolt føretrekk å opphalda seg på veg ut fjorden.
Tidlegare har Havforskingsinstituttet sine målingar av desse faktorane vore gjort meir sporadisk i kortare periodar. 

- Med kontinuerlege målingar over tid, ventar vi mykje betre grunnlag for å kunna oppdaga eventuelle klimaendringar og for å kunna skilja mellom klimaendringar og forandringar som skuldast  menneskeleg aktivitet i sjølve fjordbassenget, seier Asplin som understrekar behovet for målingar også andre stader i fjorden for å få enno betre innsikt i korleis miljøet varierer.

Stor utskifting

Ei større utskifting av vatnet i bassenget enn vi tidlegare var merksame på, vil til dømes vera positivt når det gjeld faren for at oppdrettsanlegga skal føra til at fjorden blir overgjødsla. Det støttar også godt oppunder kartlegginga som viser at tang og tare i hovudsak veks like frodig no som på 1950-talet. Vi veit likevel for lite om i kva grad meir skjerma område i fjorden og sidefjordane kan ha svak straum og dårlegare vassutveksling. Ei negativ side ved stor vassutveksling er at då spreier lakselusa og andre vassborne sjukdomar seg meir. 
 

Bye-copy150.gif

Illustrasjon:
Observasjonsbøyen har ei oppdrift på 200 kilo. Under bøya heng lodd og salt- og temperaturmålearar på 3 og 10 meters djup. Bøya er forankra med lodd på bunnen.

- Fjordøkologien er komplisert. Vi har eit stort etterslep, og treng mykje meir kunnskap om dei ulike miljøfaktorane for å forstå økosystemet i fjordane og for å forstå årsakene til dei endringane som er observert i viktige fiskebestandar, som til dømes brislingen, seier forskar Øystein Skaala. Han leier Havforskingsinstituttet sitt nye Hardangerfjordprosjekt, og ventar seg mykje nyttig informasjon frå observasjonsbøyene.

Fjordmodellsystem

Havforskingsinstituttet har etablert eit modellverktøy for å berekna og forutsei variasjonar i fjordmiljøet. Dette verktøyet omfattar modellar for været, for dei fysiske forholda i havområda utanfor fjorden og for forholda inne i fjorden. Observasjonsbøyene er imidlertid viktige for utviklinga av modellane, sidan verkelege data frå bøyene vert nytta for å justera modellverktøyet. I neste omgang vil resultata frå modellane supplera informasjonen frå observasjonsbøyer slik at ein slepp å leggja ut mange bøyer i alle fjordar.  Modellresultata vert brukt også til å berekna blant anna planktonproduksjon og spreiing av lakselus.

 

 

 

Målingar frå observasjonsbøyene 


les meir

Hardangerfjorden under lupa

prosjekt som vil ha nytte av informasjon frå observasjonsbøyene er:

Ephigraph - kyst og fjordøkologi
Overvaking av nasjonale laksefjordar



 

 

Kontaktpersoner

Kjartan Mæstad
958 08 470
Øystein Skaala
476 27 878