Hopp til hovedteksten
vinter_350.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Vintertoktet 2008

Ei lita betring for torskebestanden og auke i mengda av hyse og små snabeluer er positive resultat frå årets vintertokt. For blåkveite er det derimot lite endring, og det er framleis nedgang for vanleg uer. Årets tokt hadde den beste dekninga i russisk sone sidan 2005.

Hos torsk viser botntrålindeksen at aldersgruppene 4, 8 og 9 år var godt over middels (dvs gjennomsnitt for tokta i perioden 1993-2006), aldersgruppene 3, 5 , 6 og 7 år var nær middels medan aldersgruppene 1 og 2 år var langt under middels. Individvektene hadde auka for torsk på 2, 3 og 4 år i forhold til tidlegare. Kjønnsmodninga er lite endra.

Berekna mengde av 7 år og eldre torsk er i overkant av det ein hadde venta. Det kan sjåast i samanheng med resultatet frå Lofottoktet som ga litt mindre enn venta. Truleg har ein større del av gytefisken blitt ståande igjen på kysten av Nord-Troms og Finnmark.

Hos hyse viser botntrålindeksen rekordhøge førekomstar av aldersgruppene 2, 3 og 4 år. Aldersgruppene 1 og 7 år er litt under middels, alle dei andre gruppene er over middels. Individvektene har gått ned for treåringane og opp for femåringane, for dei andre aldersgruppene er veksten uendra.

For uer viser botntrålindeksen at bestanden framleis er låg, men for første gong på fleire år vart det funne uer på under 15 cm.

Botntrålindeksen for snabeluer viser ein nedgang for fisk på over 20 cm, unntatt for intervallet 35-40 cm. For fisk under 15cm (1- og 2-åringar) er indeksen på nivå med dei beste i tidsserien.

Resultata for blåkveite viser nedgang for fisk under 30 cm og litt auke i bestanden for fisk over 30 cm.

Både norske og russiske forskingsfartøy var med på vintertoktet. Frå Noreg deltok ”Johan Hjort” og ”Jan Mayen”, og frå Russland deltok ”Smolensk” og ”Fridtjof Nansen”. Årets tokt hadde den beste dekninga i russisk sone sidan 2005.

 

kontaktperson

Asgeir Aglen
55 23 86 80