Hopp til hovedteksten
mengdekart350.gif
Utskriftsvennlig versjon

Ein sildelarve i kvar liter sjøvatn på Mørekysten

Årets sildelarvetokt viser at det var mykje sildelarvar utanfor Møre, spesielt like nord for Breisunddjupet. På ein av målestasjonane her vart det funne heile 48 843 sildelarvar per m2. Det er den høgste konsentrasjonen av sildelarvar som er målt i denne tidsserien. Ein slik konsentrasjon tilsvarer at det i kvar liter sjøvatn finst ein sildelarve.

Øverste figur: Fordeling av sildelarvar (antall per kvadratmeter overflate) på sokkelen i april.

Ved å bruke modellar som simulerer straumen langs kysten kan vi seie at larvane vi fann like nord for Breisunddjupet kjem frå sild som har gytt i same område. Dette ser altså ut til å vere eit retensjonområde der larvane oppheld seg ei tid før dei driv vidare nordover.

Ikkje alle veks opp

Sjølv om det er svært mykje larvar no må vi vente nokre månader før vi veit om det blir ein stor årsklasse. Dødelegheita kan vere svært stor i dei neste månadane, og først når sildeyngelen er komen velberga opp til oppvekstområda i Barentshavet får vi ein peikepinn på kor stor årsklassen kan vere.

Gyteområde

Størstedelen av larvane vart funne på dei tradisjonelle gytefelta utanfor Møre og Romsdal og Trøndelag, men det vart også funne larvar rett nord for Haltenbanken og mellom Lofoten og Malangsgrunnen. Larvane som vart funne utanfor Møre var stort sett under to veker gamle.

I dei nordlegaste gyteområda er det mest ung sild som gyt, og viktigheita av desse gyteområda kan derfor endre seg med aldersfordelinga i gytebestanden.

Sildelarvane var dominerande i prøvene, men det blei også registrert larvar av til dømes sei, torsk og lodde.
Toktet vart gjennomført med  FF ”Håkon Mosby” i april. I tillegg til å registrere larvar, vart det også registrert opplysningar om hydrografi, næringssalt, klorofyll og dyreplankton.

modellfigur350.gif

Figuren viser modellerte drivbaner i 12 dagar for sildalarvar klekka ved Breisunddjupet. Modellkøyringane (utført av Frode Vikebø, Havforskingsinstituttet) viser at sildelarvar som er gytte i dette området vil opphalde seg her ein tid etter klekking.

 

Les meir

~ i toktrapporten

_pdf_18.gif

 

Kontaktpersoner