Hopp til hovedteksten
pressemote_350.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Klimakonferansen har starta

I dag opna fiskeri- og kystminister Helga Pedersen og generalsekretær i Nordisk Ministerråd, Halldor Ásgrimsson, klimakonferansen om fiskeriforvaltning og klimaendringar i Nord-Atlanteren, Nordsjøen, Barentshavet og Østersjøen i Bergen.

I to dagar blir det foredrag med fokus på korleis klimaendringane påverkar havmiljøet i desse områda, korleis det vil påverke produksjonsgrunnlaget, utbreiinga og vandringa til dei store fiskebestandane, og kva samfunnsmessige og politiske konsekvensar endringane i fiskebestandane kan få både for dei nordiske landa og EU-landa.

Konferansen har over 100 deltakarar frå fleire land, og blir arrangert av Havforskingsinstituttet på vegne av Fiskeri- og kystdepartementet, Nordisk Ministerråd og EU-kommisjonen. Både fiskeriforvaltarar frå dei nordiske landa og EU-kommisjonen samt ei rekke interesseorganisasjonar er blant dei inviterte.
 

 

les meir

om konferansen