I ein fersk artikkel publisert i ICES Journal of Marine Science, har Kevin Glover og kollegar på oppdrag frå Fiskeridirektoratet lukkast med å spora rømt laks i Romsdalsfjorden tilbake til oppdrettsanlegget, ja endå til kva merd dei 29 rømlingane kom frå. Økokrim fann resultata så gode at dei iverksette vidare politietterforsking i saka. Riksadvokaten har i ettertid varsla både auka innsats mot urapportert rømming og at lokale politikontor skal styrkjast for å vera i stand til å etterforska slike rømmingar.
Det kan vera mange årsaker til at ein oppdrettar mister fisk, og i seg sjølv er ikkje det straffbart. Å unnlata å melda frå om rømming er likevel straffbart, og vert rekna som miljøkriminalitet. Grunnlaget for gjennombrotet er prosjektet TRACES og artikkelen: Genetic assignment identifies farm of origin for Atlantic salmon Salmo salar escapees in a Norwegian fjord. Prosjektet har vore støtta med 5 millionar kroner, av desse kom fire frå Forskingsrådet og ein frå oppdrettsnæringa sjølv.
les meir (pdf)
|
