Administrerande direktør Tore Nepstad sa óg at vi ved å stimulere til forsking og samarbeid mellom unge forskarar i Noreg og i utviklingsland, kan sikre at prisen vert hugsa og at historia og tradisjonen i Nansenprogrammet vert teken vare på og vidareført.
I si takketale sa Tore Nepstad mellom anna:
- Nansenprogrammet, som vart initiert av tidlegare direktør ved Havforskingsinstituttet, Gunnar Sætersdal, er blitt ein suksess. Denne prisen er ein stor heider til forskarar, teknikarar og alle andre som har bidrege til denne suksessen. Nansenprogrammet har vore unikt, og sjølv om samarbeidspartnarar, finansieringskjelder og forskingsutstyr har endra seg sidan starten, har målet alltid vore det same: å hjelpe utviklingsland til sjølv å ta ansvar for forvalting av sine fiskeressursar.

Fleire prismottakarar, frå venstre: Asbjørn Aasen, Tore Strømme, Gabriella Bianchi, Oddgeir Alvheim og Henning Gjervik. Dei har alle bidrege til at Nansenprogrammet har blitt ein suksess.
Prisen er delt i to

I år fekk Nansenprogrammet prisen for berekraftig fiskerinæring. Juryen valde Nansenprogrammet for innsatsen som er gjort gjennom meir enn 30 år for å setja utviklingsland i stand til å forvalte sine ressursar på ein berekraftig måte.
Prisen på 200 000 Svenske kroner for gastronomi gjekk til den franske kokken Anne Sophie Pic.
Les ógHeder til norsk fiskeribistand Svensk pris til norsk fiskerihjelp i fattige land MeirFiskerifaglig senter for utviklingssamarbeid
|
