Den norsk-russiske fiskerikommisjonen fastsette før helga kvotane for fisket i Barentshavet i 2008.
Torskekvoten vart sett til 430 tusen tonn, noko som er 21 tusen tonn over det tilrådde kvantumet frå Det internasjonale råd for havforskings (ICES). Kvoten er sett med basis i bestandsvurdering frå ICES og føre-var forvaltingsregelen kommisjonen har vedteke, ein regel som også låg til grunn for ICES sitt råd. Når totalkvoten for 2008 likevel skil seg frå ICES rådet, skuldast det at dette er basert både på ei bestandsvurdering ved starten av 2007 og ei vurdering av fangsten gjennom 2007. ICES la til grunn at fangstinnsatsen i 2007 ville vera lik gjennomsnittleg fangstinnsats dei tre føregåande åra. Fiskerikommisjonen meiner no at det ulovlege torskefisket er vesentleg redusert, og at ICES sitt anslag for fangstinnsatsen difor vart for høgt. Dei legg til grunn eit uttak i 2007 på om lag 460 tusen tonn, noko som gir ein totalkvote i følgje forvaltingsregelen på 430 tusen tonn for 2008.
I avtala mellom Noreg og Russland er det sett av ein kvote på 21 tusen tonn kysttorsk. Kysttorsk blir fiska som bifangst i det norske fisket etter nordaustarktisk torsk. ICES har tilrådd at det ikkje vert fiska kysttorsk i 2008.
For hysa gjorde fiskerikommisjonen vedtak om ein kvote på 155 tusen tonn. ICES tilrådde 130 tusen tonn. Det var stor uvisse knytt til bestandsvurderinga av hyse i år og det er difor uvisst kva eit slikt fangstkvantum vil ha å seie for bestanden. Under årets forhandlingar vart det vedteke ein ny forvaltingsregel for hyse som er i tråd med føre-var-tilnærminga. Denne skal nyttast frå neste år for å setja kvoten på hyse.
Det vil heller ikkje i 2008 verta opna for eit loddefiske. Dette er i tråd med rådet frå ICES.
Under kommisjonsmøtet vart det også utvikla eit omfattande felles norsk-russisk havforskingsprogram for 2008 og åra framover. Programmet legg rammene for overvaking og bestandsvurdering av dei viktigaste fiskebestandane som torsk, hyse og lodde, skaldyr som reke og kongekrabbe og sjøpattedyr som grønlandssel og vågekval. I 2008 skal det mellom anna gjennomførast eit felles forskingstokt til Karahavet, der det nettopp er oppdaga førekomstar av blåkveite og andre fiskeslag.
I tråd med samarbeidsavtala mellom Havforskingsinstituttet og det føderale havforskingsinstituttet VNIRO i Moskva, skal det komande vinter gjennomførast merking av torsk på Finnmarkskysten og dei metodiske undersøkingane på gytelodde skal halda fram. For 2009 er partane einige om å arrangere eit felles symposium om kongekrabbens bestandsutvikling og påverknad på økosystemet i Barentshavet. Eit felles norsk-russisk program skal avklare grønlandsselens rolle i økosystemet i Barentshavet.
|
kontaktpersonarforskingsdirektør kommunikasjonsdirektør |
