Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Noreg og Russland samde om kvotar for 2008 og felles forsking

Havforskingsinstituttet ser positivt på at det ulovlege fisket etter torsk i Barentshavet synest å ha gått vesentleg ned i løpet av 2007. For hyse vart det fastsett ein kvote høgare enn rådet frå ICES. I tråd med rådet frå ICES vart ikkje opna for eit loddefiske i 2008. Det er også semje om eit omfattande felles havforskingsprogram for dei komande åra.

Den norsk-russiske fiskerikommisjonen fastsette før helga kvotane for fisket i Barentshavet i 2008.

Torskekvoten vart sett til 430 tusen tonn, noko som er 21 tusen tonn over det tilrådde kvantumet frå Det internasjonale råd for havforskings (ICES). Kvoten er sett med basis i bestandsvurdering frå ICES og føre-var forvaltingsregelen kommisjonen har vedteke, ein regel som også låg til grunn for ICES sitt råd. Når totalkvoten for 2008 likevel skil seg frå ICES rådet, skuldast det at dette er basert både på ei bestandsvurdering ved starten av 2007 og ei vurdering av fangsten gjennom 2007. ICES la til grunn at fangstinnsatsen i 2007 ville vera lik gjennomsnittleg fangstinnsats dei tre føregåande åra. Fiskerikommisjonen meiner no at det ulovlege torskefisket er vesentleg redusert, og at ICES sitt anslag for fangstinnsatsen difor vart for høgt. Dei legg til grunn eit uttak i 2007 på om lag 460 tusen tonn, noko som gir ein totalkvote i følgje forvaltingsregelen på 430 tusen tonn for 2008.

I avtala mellom Noreg og Russland er det sett av ein kvote på 21 tusen tonn  kysttorsk. Kysttorsk blir fiska som bifangst i det norske fisket etter nordaustarktisk torsk. ICES har tilrådd at det ikkje vert fiska kysttorsk i 2008.

For hysa gjorde fiskerikommisjonen vedtak om ein kvote på 155 tusen tonn. ICES tilrådde  130 tusen tonn. Det var stor uvisse knytt til bestandsvurderinga av hyse i år og det er difor uvisst kva eit slikt fangstkvantum vil ha å seie for bestanden. Under årets forhandlingar vart det vedteke ein ny forvaltingsregel for hyse som er i tråd med føre-var-tilnærminga. Denne skal nyttast frå neste år for å setja kvoten på hyse.

Det vil heller ikkje i 2008 verta opna for eit loddefiske. Dette er i tråd med rådet frå ICES.

Under kommisjonsmøtet vart det også utvikla eit omfattande felles norsk-russisk havforskingsprogram for 2008 og åra framover. Programmet legg rammene for overvaking og bestandsvurdering av dei viktigaste fiskebestandane som torsk, hyse og lodde, skaldyr som reke og kongekrabbe og sjøpattedyr som grønlandssel og vågekval. I 2008 skal det mellom anna gjennomførast eit felles forskingstokt til Karahavet, der det nettopp er oppdaga førekomstar av blåkveite og andre fiskeslag.

I tråd med samarbeidsavtala mellom Havforskingsinstituttet og det føderale havforskingsinstituttet VNIRO i Moskva, skal det komande vinter gjennomførast merking av torsk på Finnmarkskysten og dei metodiske undersøkingane på gytelodde skal halda fram. For 2009 er partane einige om å arrangere eit felles symposium om kongekrabbens bestandsutvikling og påverknad på økosystemet i Barentshavet. Eit felles norsk-russisk program skal avklare grønlandsselens rolle i økosystemet i Barentshavet.

 

 

kontaktpersonar

forskingsdirektør
Ole Arve Misund
mob. 91 17 41 86

kommunikasjonsdirektør
Kari Østervold Toft
mob. 91 38 06 29

Fakta om kysttorsk nord for 62°N

Latinsk navn: Gadus morhua
Gyte-, oppvekst- og beiteområde: Fjorder og kystnære områder
Størrelse:
1,3 m og 40 kg
Alder ved kjønnsmodning: 3–6 år. Kan bli 20 år, men sjelden over 15 år
Antall egg: Førstegangsgytere kan gi 400 000 egg, de eldste 15 millioner egg
Føde: Alt fra plankton til fisk
 

Kysttorsk nord for 62ºN

Fakta om nordaustarktisk torsk (skrei)

Latinsk namn: Gadus morhua
Andre norske namn: Skrei, jedd, jadd, bruning
Familie: Torskefamilien
Maks storleik: 169 cm og 55 kg
Utbreiing: Barentshavet
Hovudgyteområde: Lofoten/Vesterålen
Gytetidspunkt: Mars–april
Føde: Fisk og krepsdyr

Nordaustarktisk torsk (skrei)

Fakta om Barentshavet

Størrelse: 1,4 millioner km2  (ca. 4 ganger så stort som Norge)
Dyp: Gjennomsnittlig dyp er 230 meter, største dyp er 500 meter
Fiskerier: Bunnfisk som torsk, hyse, blåkveite, gapeflyndre og uer. I tillegg lodde, reke, vågehval og grønlandssel

Spesielle forhold:

  • Store, årlige variasjoner mht. temperaturforhold og isdekke
  • Sokkelhav - del av kontinentalsokkelen rundt Polhavet
  • En av de største sjøfuglkonsentasjonene i verden; 20 millioner individer fordelt på nær 40 arter

Forvaltningen av de levende marine ressurser i Barentshavet skjer mellom Norge og Russland i fellesskap.
Russisk navn: Barentsevo More
 

Barentshavet

Kontaktpersoner