Hopp til hovedteksten
Nordsjofauna_350.jpg
Utskriftsvennlig versjon

Botndyra i Nordsjøen undersøkt

Kor mykje botndyra i Nordsjøen veks i løpet av ein dag og korleis dei ulike artane vert påverka av fiske med botnreiskap, er noko av det forskarane har prøvd å finne svar på i det nyleg avslutta MAFCONS-prosjektet. På grunn av den store fiskeriaktiviteten som gjer Nordsjøen til eit av dei mest menneskeleg påverka marine områda i verda, er undersøkingar av dette havområdet viktig.

Målet med dette EU-prosjektet har vore å forstå samanhengen mellom fiskeristatistikken og den påverknaden botnfaunaen vert utsett for ved fiske, og å finne ein metode som fiskeribiologar kan bruke til å undersøke kva effekt ulike fiskereiskapar har på artsmangfaldet på havbotnen. Fleire studiar har tidlegare undersøkt korleis fiske påverkar fisk og botndyr. Desse undersøkingane peikar mot at det i begge desse dyresamfunna er sårbare artar som har blitt redusert, mens artar som er meir motstandsdyktige har auka. Generelt sett har menneskeleg påverknad forårsaka redusert artsrikdom og diversitet. Resultata er likevel ikkje heilt eintydige då andre studiar viser at diversiteten for enkelte fiskeartar har auka i den sørlege delen av Nordsjøen som eit resultat av fiske.

Ulik sårbarheit og vekst

Faktorar som livslengde og -syklus, størrelse, økologi og kroppsbygning er med på å avgjere kor sårbare dei ulike artane er. Store artar som veks sakte har ofte lettare for å bli påverka enn hurtigvaksande artar med kort livssyklus. I løpet av prosjektet er den daglege produksjonen til botndyra i Nordsjøen berekna. Både i 2003 og 2004 blei omtrent 150 stasjonar undersøkte, og resultata for dyr som hovudsakleg lever oppe på sedimenta, viser at det er stor variasjon i den daglege tilveksten for denne gruppa, alt frå 0,3 til 94 mg pr m2 per dag. Det er områda lengst vest og nord i Nordsjøen som har den høgste tilveksten. Dyr som lever nede i sedimenta, har ein tilvekst på mellom 50 og 7000 mg per dag per m2, og det var særleg i dei sørlege delane av Nordsjøen at det var stasjonar med høg produksjon.

trollhummer_350.jpg

Trollhummar finn vi langs store delar av norskekysten.

Botntråling

Botntråling påverkar dyra i trålsporet, men belastinga er avhengig av kor sårbart dyresamfunnet er, kor ofte det vert tråla og utforminga av trålen. Eit botndyrsamfunn som består av fleire artar og som har høg produktivitet, kan vere mindre sårbart enn eit samfunn med færre artar og lågare produktivitet. Også kva form artane har er avgjerande for korleis dei vert påverka. Dyr med harde skal som strekker seg opp over botnen er meir sårbare enn dyr som held seg tett ved, eller i, sedimentbotnen og som har fleksible, mjuke kroppar.

Å få oversikt over mengda av kvar art som er på eit område til ei kvar tid er grunnleggande for forståinga av alle økologiske prosessar. Også kunnskap om kva dei ulike artane et, korleis samspelet mellom dyra er og korleis den faktiske artsdiversiteten i tid og rom kan bereknast er svært viktig. Ingen fiske- eller botndyrreiskap kan fange opp individ av alle artar innan  eit gitt område på ein korrekt kvantitativ måte. Fangsteffektiviteten i alle prøvereiskap er påverka av mange ulike faktorar som forårsakar feilmarginar både mellom artane og mellom dei ulike størrelsesklassane, og dette påverkar mengdeberekningane. Ein av konklusjonane etter Mafcons-prosjektet er at undersøkingar som viser fangsteffektiviteten til innsamlingsreiskapane som blir brukt i Nordsjøen må få høg prioritet. 

Treng auka kunnskap om botndyra

Det er viktig å ta påverkinga av havbotnen på alvor. Vi må derfor auke kunnskapen om forholda i dei ulike dyresamfunna som er på og i botnen, dette er viktig også med tanke på økosystembasert forvalting. Fleire fiskeartar er avhengige av botndyr, enten som føde eller at dei lever og beskyttar seg blant artar som mellom anna svampar, korallar, mosdyr og rørlevande mark. Det er derfor viktig å finne ut kva botndyr fisk er avhengig av og korleis desse blir påverka av botntråling. Dessutan har vi eit ansvar overfor RIO-konvensjon om Bevaring av biomangfold, samt Bevaring av det Marine Miljø i Nord Øst Atlanteren (OSPAR) og andre viktige programmer.

Bugula-sp_350.jpg

Mosdyr er eit kolonibyggjande dyr som dannar komplekse habitat på same måte som korallar. Det kan være store førekomstar av desse dyra, men dei blir som oftast ikkje høgare enn 10-30 cm. Biletet er av Bugula sp.

Partnarane i MAFCONS har no avslutta sjølve prosjektet, men fleire av forskarane som deltok er i gang med å publiserer data. Både desse og andre publikasjonar kan danne føringar for korleis vi skal samle inn prøver, og dernest korleis resultata kan brukast på ein måte som fremmer innsikt i botndyrsamansettinga og forståinga av prosesser i økosystemet. Slik fremmer vi forskinga innan økosystembasert forvaltning.

 

kontaktperson

forskar

77609758

Kontaktpersoner