Hopp til hovedteksten
Utskriftsvennlig versjon

Ny berekning av norsk vårgytande sild

ICES har gjort ei korrigering av berekningane av norsk vårgytande sild. Ved gjennomgang av bestandsberekninga som vart gjort i oktober er det oppdaga ein feil som gjer at den tilrådde kvoten er sett for lågt.

Tilrådinga i oktober var ein kvote for 2008 på 1,266 millionar tonn, etter den nye berekninga kan kvoten setjast til 1,518 millionar tonn. Dette er venta å gi ein gytebestand i 2009 på 12,4 millionar tonn.

Forvaltarane i kyststatane som har rett til å fiske av denne bestanden er informert om reknefeilen i dag. 

 

kontaktpersonar

Sigurd Tjelmeland,
norsk representant i ACFM (ICES sin rådgjevande komite for fiskeriforvaltning),
mobil 95 74 60 21

Ole Arve Misund,
forskingsdirektør, Havforskingsinstituttet
mobil 91 17 41 86
 

Kari Østervold Toft,
kommunikasjonsdirektør, Havforskingsinstituttet
mobil 91 38 06 29

 

Fakta om NVG-sild

Latinsk navn: Clupea harengus L.
Familie: Clupeidae
Maks størrelse: 40 cm og 500 g
Maks levetid: 25 år
Leveområde: Nordøst-Atlanteren
Hovedgyteområde: Møre og Nordland
Gytetidspunkt: Februar–mars
Føde: Plankton
Spesielle kjennetegn: Lever i tette stimer som beveger seg som en enhet

Norsk vårgytende sild