I formiddag blir det arrangert eit presseseminar der journalistar i både lokale og nasjonale media får informasjon om det som skal skje på toktet. Klokka 1430 vil gjestar frå universitet, høgskular, kommune og fylkeskommune gå om bord i ”G.O. Sars” der det vert arrangert mottaking og omvisning. Klokka 1500 er det tid for sjølve avskjedsseremonien som blir arrangert på Nykirkekaien. Både administrerande direktør Tore Nepstad og fiskeri- og kystminister Helga Pedersen vil holde tale i samband med seremonien. Klokka 1530 legger ”G.O. Sars” frå kai.
Toktet til Antarktis blir arrangert som ein del av Det internasjonale polaråret der Havforskingsinstituttet er involvert i fleire prosjekt både i Antarktis og Arktis.
kontaktpersonarKari Østervold ToftKommuniaksjonsdirektør Kjartan Mæstad les meir
|
